Kl.10:30-13:30 på laurdag er det seminartid. Hurra!
Her får du moglegheit til å teste ut noko du ikkje kan frå før, eller bli med på noko du kjenner godt til.
Nedanfor finn du ei oversikt over kva seminar du kan velge mellom + ei lita skildring til kvart seminar. Bla gjennom og tenk ut tre ønsker som du melder inn i skjemaet innan 13.februar.
🎲 Brettspel
🧗 Buldring
🔥 Bål og bygg
🎽 Open hall
🎬 Foto/video
🎸 Band
🎶 Minikor|solist
🕺 Dans
🎭 Drama
Bli kjent med nye og kanskje lær eit nytt spel. Eit sosialt samlingspunkt prega av vennskaplig konkurranse.
Bli med til buldrehallen i Stryn og styrk både musklar og mestringskjensle i buldreveggen.
Du kan ta med eige utstyr, eller låne klatresko og kalk gratis.
Saman med speidarar får du lære korleis du sikrar deg fyr i bålet. På menyen står ein ny twist på på ein gammel slager: Pinnebrød! Ikkje nok med det. På dette seminaret får du også bygge rekvisittar til gudstenesta på søndagen.
Ta med deg gode klede til å vere ute i.
Bli kjent med nye og vær aktive saman! Aktivitet/idrett blir valgt saman ved oppmøte.
Ta gjerne med innesko.
Likar du å stå framfor eller bak kamera og vil bidra til å lage ein kortfilm? På dette seminaret får du prøvd deg som fotograf, regissør eller skodespelar. Filmen har premiere under kveldsprogrammet laurdagen.
På bandseminar får du saman med husbandet lære å spele ei låt som blir vist fram under kveldsprogrammet laurdagen. Du bør ha grunnleggande ferdigheiter på instrumentet du ønsker å spele.
Skriv evt. kva instrument og om du er nybegynnar eller vidarekommen.
Syng saman med nye folk! Vi skal lære ei tøff låt og vise den fram saman med band-seminaret under kveldsprogrammet laurdag.
På danseseminar får du lære ein kul koreografi som blir vist fram under kveldsprogrammet laurdagen. I tillegg til koreografi frå instruktøren, kan du bidra med eigne moves og innspel til korleis dansen skal sjå ut.
På dramaseminar får du teste ut improvisasjon, korleis det er å stå på ei scene og vere nokon andre enn deg sjølv og være med å lage ein sketsj. Likar du å utfordre deg sjølv, bli med på drama å få ei skikkeleg utfordring!