GlobalGames er årets globalaksjon. Vi skal samle inn pengar til Kamam Folk High School på Sri Lanka. Dette er eit prosjekt i samarbeid med Sunnfjord folkehøgskule, som vi får besøk av gjennom helga.
Konseptet er inspirert av OL og liknar ei blanding mellom globalløp/sponsorløp og 17.mai-leikar. Ein chillare variant av globalløp om du vil.
Under GlobalGames velger du mellom ulike aktivitetar, utfordringar og små konkurranser som gir deg poeng. Til saman kan du få maks 100 poeng. Poenga blir registrert og du sender ut betalingsinfo til sponsorane dine som har sponsa med ein fast sum, eller eit beløp per poeng. Heiaheia!
For å samle inn pengar treng vi at kvar deltakar har ein eller fleire sponsorar. Du kan spørr t.d foreldre, besteforeldre, oldeforeldre, tippoldeforeldre, tankte, onkel, nabo, søsken, venner eller ein tilfeldig person. Dette kan du skrive til dei:
Hei! I helga er eg på VinterTreff i Stryn der vi har innsamlingsaksjon for Kamam Folk High School på Sri Lanka. Vi skal samle poeng for ulike aktivitetar vi gjennomfører. Maks antal poeng er 100. For at poenga skal bli pengar vi kan sende til Kamam, treng eg sponsorar!
Vil du sponse meg? Skriv i så fall om du sponsar ein fast sum, eller eit beløp per poeng. Saman kan vi vere lys i verda!!
Helsing [...]
Her registrer du sponsorane dine: https://sponsorchallenge.connect365.org/nt/challenge-info?Challenge-ID=10213
17:30 Innkvartering
18:00 Kveldsmat
19:00 Opningsshow og kampkveld
20:45 Felles oppvarming
21:00 Volleyballturnering // 21:30 Leiarmøte
23:45 Kveldsavslutning
00:15 Leggetid
01:00 Ro
13:30 Fritid
14:00 GlobalGames
15:30 Fritid // lydprøver til VT-show
19:30 Kort kveldsmat og sosialt
Programmet er oppdatert 11.03
Laurdags kveld er det VT-show med innslag frå deltakarane og seminara på VinterTreff.
Her kan de vise fram alt som passar seg på ei scene. Kvar gruppe får opptre med inntil tre innslag kvar (totalt maks 20 min). Ansvarleg vaksenleiar melder dette til arrangør innan 13.februar.
Vi stiller med backline - trommer, forsterkarar og tangentar. Ta med eigne gitarar, bassgitarar og trommestikker, eller gjer avtale med andre om å låne.
Konserten er open for alle som vil sjå, så gjerne inviter vener, familie og bekjente. Vi gler oss til å klappe for dykk!
AUGUST har lagt vårens turné innom Stryn og skal spele konsert for oss laurdags kveld.
Konserten er inkludert i prisen for deltakarar på VinterTreff og open for alle andre som kjøper billett. Inviter gjerne familie og vener til konserten!
Her er lenke til FB-arrangement og billettsal: https://fb.me/e/6D9fyuXnS
Sjå videohelsing frå August!