Du skal møte opp der vi skal overnatte - på Stryn vidaregåande skule. Vi er klare til å ta deg i mot frå kl. 17:15.
Her skal du registrere deg før nokon viser deg rommet du skal sove på. Etter du har fått tinga dine på plass blir det varm middag i kantina før vi går til kulturhuset for opningsshow.
Overnatting skjer på klasserom - gutar og jenter kvar for seg. Kvart rom skal ha ein rom-ansvarleg. Leiarar overnattar på same rom som deltakarane.
Det blir høve til å bruke dusjar i Hallen i høve Volleyballturnering, samt under buldreseminar og Open hall-seminar.
Det er toalett i umiddelbar nærleik av alle stadane vi har program.
Sovepose
Liggeunderlag
Toalettsaker
Drikkeflaske
Kle
Innesko og treningskle (til volleyballturnering og Open hall-seminar)
Handkle (til dusjing fredag etter volleyballturnering)
Varm jakke (vi skal forflytte oss ein del ute🥶)
Valfritt
Klatresko og kalk (til Buldreseminar. Kan også lånast gratis der)
Varme utekle, hue, hanskar, gode sko (til Bål og bygg-seminar)
Liten sekk eller handlenett (til å frakte drikkeflaske, innsko o.l)
Betaling gjer du til bankkontonr.: 3700.35.04426
Merk betalinga med "Prosjekt 6 VinterTreff" + namn(ved enkeltbetaling) eller gruppe (ved gruppebetaling)
Prisane er:
Helgepass 900,-
Todagarspass 350,-
Vaksenleiar 450,-
Dersom du har avtale om å halde eit seminar får du 100,- i rabatt.
Frist for betaling: 27.feb
Har du spørsmål angåande betaling? Kontakt Kristina Bjørnereim, 90281012