På denne sida finn du info om påmelding, samt utfyllande info om volleyballturnering, seminar og program.
GLOW in the dark handlar om lys som ikkje gir seg, sjølv når det er mørkt rundt oss.
Denne helga utforskar vi kva det betyr at Jesus kallar seg lyset i verda – og oss til å lyse vidare. Kva er det som gir håp når det kjennest mørkt, og korleis kan små lys gjere ein stor forskjell?
På VinterTreff samlast vi for å bli lada opp av fellesskap, tru og nåde – og for å lyse, også i mørket.
Det er Stryn Ten Sing Sightsing og KFUK-KFUM Sogn og Fjordane som inviterer til VinterTreff i Stryn 27.februar-1.mars 2026!
Vi skal sove og ete på Stryn VGS og mykje av programmet vil føregå i Stryn Kulturhus og Strynehallen.