Du finn nedlastbare filer nedst på denne sida.
Brevark skal settast slik som vist på denne sida. Originalt maldokument i kommunen sitt saksbehandlingssystem skal brukast.
Når du sender ein e-post frå Surnadal.kommune.no representerer du arbeidsplassen din. Det skal vere enkelt for mottakar av ein e-post å kontakte deg på telefon og å finne nettsida vår.
For- og etternamn i e-post signaturen settast i Calibri Bold, medan tittel, avdeling, telefon og heimesideadresse settast i Calibri Regular (minimum 10).
Stillingstittel og seksjon/avdeling skal skrivast med liten forbokstav (Språkrådet sine retningsliner).
Sjekk at dei ferdigutfylte felta er riktige og suppler om nødvendig. Ikkje alle treng å ha med feltet «Avdeling». Dersom du vil ha med avdeling, anbefaler vi å bruke det nedste nivået på organisasjonskartet.
Ved å velje innstillingar for e-post på mobilen din, kan du lage signaturen også her. Vi anbefaler ein enklare versjon på mobil som består av berre tekst.
Eksempel på oppsett av avisannonsar, papir.
Eksempel på oppsett av annonsar, digitalt.
Eksempel på oppsett av dokument.
Eksempel på Word-malar til intern bruk.
Eksempel på Word-malar for ekstern bruk.
Eksempel på bruk i PowerPoint.
Eksempel på bruk på heimeside.
Eksempel på bakgrunnsbilde for bruk i videomøte.
NB: Bakgrunnsbildet vil se speilvendt ut for den som bruker dem, men vil bli riktig for andre deltakere i møtet.
For å forsterke kommunikasjonsprofilen vår med ein tydeleg visuell identitet, er det viktig at det visuelle inntrykket blir oppretthalde på alle flater.
Det er totalbildet som til saman skapar denne identiteten. Denne sida viser alle elementa samla, slik at det gir eit visuelt bilde av Surnadal kommune i relasjon til omverda.
Last ned originalfiler: