Du finn nedlastbare filer av dekorelementet og kvitt bølgefelt nedst på denne sida.
Dekorelementet står sentralt i kommunen sin visuelle profil. På ein stilisert strek som symboliserer elvene i Surnadal kommune, ligg ulike element som viser samspelet mellom natur, folk og kultur – drivkrefter som formar samfunnsutviklinga vår:
- skovlhjul (vasskraft/industri)
- villaks
- sol (songen Vårsøg)
- Knyken (signaturfjell i kommunesenteret)
- skiløpar (alpinsenter)
- kornaks (landbruk/skogbruk)
- note/musikk (kulturkommunen/klangen frå Surnadal)
Den stiliserte bølgestreken har bobler som symboliserer liv og dynamikk. Streken bør gå utfaldande på båe sider av ei flate.
Dekorelementet skal alltid brukast frå originale filer og skal ikkje bli forsøkt framstilt på annan måte.
På flater som er mindre viktig og ikkje direkte profilbyggande, er det tillate å bruke tilleggsfargane i større grad. Dette gjeld for eksempel som bakgrunnsfarge på framsider av dokument av mindre viktig karakter.
Dekorelementet skal brukast i hovudfargen Bergblå PMS 3035 eller kvit.
Dekorelementet kan brukast både i heil form eller som utsnitt.
Dekorelementet skal alltid brukast frå originale filer, og skal ikkje bli forsøkt framstilt på annan måte.
Dekorelementet kan brukast enten i heil form eller i utsnitt på ei flate slik som vist på denne sida.
Dekorelementet kan brukast på flat farge eller ligge på eit foto.
Det er ikkje utarbeidd strenge reglar for bruk av dekorelementet, da det skal kunne brukast kreativt både i forhold til plassering og størrelse på flata. Dekorelementet må likevel alltid brukast berre i tillatne fargar, sjå eige punkt.
Ein kvit silhuett av bølgen i dekorelementet brukast som avslutning av fargefelt (her markert med stipla linje).
Det kvite feltet leggast over ein farge og gir ei fin avslutning av farga bakgrunn mot kvit bakgrunn.
Det kvite feltet finst som eiga originalfil.
Last ned originalfiler av dekorelementet og kvitt bølgefelt: