Du finn nedlastbare filer av kommunevåpenet nedst på denne sida.
Kommunevåpenet, heraldikk
På grøn grunn ein skråstilt sølv tvillingstreng laga med taggesnitt.
Nøkkelord:
Figurstilling
Skjolddeling
Sølv
Grønt
Taggesnitt
Skråstillt
Snitt
Tvillingstreng
Godkjent:
27.10.1989
Tilleggsinformasjon:
Tvillingstrengen på grøn botn symboliserer kommunen geografisk som ein jord- og skogbrukskommune gjennomstrøymd av elver.
Reglar for bruk
Kommunevåpenet er eit historisk og viktig symbol for kommunen og innbyggarane. Slik skal det brukast:
Reglar for bruk, etter vedtak i kommunestyret 01.02.1990:
§1 Definisjon
Surnadal kommune sitt våpen, fastsett ved kongeleg resolusjon av 27.10.1989 er:
a) Kommunevåpenet: «På grøn grunn ein skråstilt sølv tvillingstreng laga med taggesnitt».
b) Kommuneflagget: «På grøn grunn ein skråstilt kvit tvillingstreng laga med taggesnitt», i rektangulær form i forholdet 5:7.
§2 Generelle reglar om bruk
a) Som hovudregel kan våpenet berre brukast av kommunen sin administrasjon og institusjonar under utøving av kommunal myndigheit og til dekorasjon.
b) Bruk av våpenet på suvenirar for sal eller til annonsering av stemne e.l. er ikkje tillate. Fo mannskapet kan i særskilde høve dispensere frå dette forbodet.
c) Våpenet må ikkje brukast slik at det kan oppfattast som privat kjenneteikn, t.d. firmamerke, varemerke, lagsemblem e.l. Private kjenneteikn må heller ikkje samanstillast med våpenet.
§3 Bruk av våpenskjold
a) Våpenskjold skal brukast med fargane sine når det ikkje føreligg særskilt løyve frå formannskapet til anna bruk. På brevark og konvoluttar for kommunale institusjonar og kommunen sine brosjyrar og lysingar, kan våpenskjoldet bli trykt i svart/kvitt eller i grønt/kvitt.
b) Våpenskjoldet kan brukast som eigarmerke på kommunen sine bygningar, bilar og andre gjenstandar og som dekor på kommunale representasjonsgåver.
c) Våpenskjoldet i fargar kan etter avgjerd av formannskapet brukast til jakkemerke e.l.
§4 Bruk av kommuneflagg
Kommuneflagget kan brukast ved kommunale bygningar og anlegg. Med løyve frå ordføraren kan det også brukast ved flagging på offentlege plassar o.l. ved særskilde festdagar, offentlege vitjingar, tilskipingar m.m.
§5 Bruk av våpenet i faner, vimplar m.m.
a) Våpenet kan utførast som bordflagg, tverrskore eller i vimpelform til bruk som dekorasjon ved kommunale tilskipingar eller som representasjonsgåve frå kommunen.
b) Til dekorativ bruk kan flagget utformast og brukast som vimpel eller hengjande banner når ordføraren gir slikt løyve. Vimpel, banner, bordflagg e. l. må få ein sentral plassering ved dekorativ
bruk.
c) Lag og organisasjonar heimehøyrande i kommunen kan på søknad til formannskapet få høve til å nytte kommunevåpenet i fanene sine. Våpenet skal i så fall ikkje setjast saman med laget sitt eige emblem, men plasserast i rimeleg storleik åleine på den eine sida av fana.
§6 Bruk av våpen i stempel og segl
a) Våpenet kan brukast utan skjoldinnfatning, med namnet til etaten eller institusjonen i ein innskriftsring langs kanten.
b) Segl kan framstillast som oblatsegl til bruk på dokument, til lukking av konvoluttar o.l.
§7 Utforming og utføring av våpen og flagg
a) Våpenet kan attgjevast i ulike typar teknikkar og materiale, t.d. plastisk i flatestil, måla, teikna, vevd, brodert eller gravert.
b) All utføring av våpenet må følgje dei tekniske og heraldiske kvalitetsnormer med rette fargar, former og proporsjonar.
c) Det ligg til formannskapet å sjå til at utforming og utføring er korrekt, og at desse føresegnene om bruk vert følgde. Formannskapet kan og trekkje tilbake tidlegare Løyve viss våpenet eller materialet våpenet er attgjeve på ikkje held høg nok kvalitet.
Last ned originalfiler av kommunevåpenet: