Du finn nedlastbare filer av logoen nedst på denne sida.
Logo - Kommunevåpen
Logoen består av Surnadal kommune sitt våpen og namnet Surnadal kommune.
Sjølve våpenet kan bli brukt i to forskjellige fargevariantar avhengig av om det skal vere i farge eller svart/kvitt. I tillegg kan tvillingstrengen i våpenet vere i sølv, men dette skal bli brukt kun i tilfelle der våpenet blir laga i metall (f.eks. ordførarkjede) eller folie.
Kommunevåpenet kan i enkelte tilfelle bli brukt åleine utan namnetrekket. Dette må godkjennast i kvart enkelt tilfelle, ta kontakt med service- og informasjonsavdelinga.
Grøn farge tilsvarande pms 354.
Metallisk sølv.
PMS: 354
CMYK: 81/0/92/0
RGB: 0/177/64
HTML: 00B140
CMYK: 0/0/0/100
PMS : 354
CMYK: 81/0/92/0
RGB: 0/177/64
HTML: 00B140
CMYK: 0/0/0/100
RGB: 0/0/0
HTML: 000000
Logo - Namnetrekk
Namnet Surnadal kommune blir skrive i versalar i skrifttypen Calibri Bold i farge 100% svart.
Hovudlogoen til Surnadal kommune er den horisontale varianten.
Den vertikale logoen blir brukt når formatet eller plassen krev det.
Logoen finst i ein fargevariant og i ein svart/kvitt variant. Logoen bør ikkje bli brukt mindre enn at kommunevåpenet måler 8 mm i breidda. Logoen bør vere plassert på ein bakgrunn som er kvit eller på ei anna lys farge frå profilen, eller på eit foto.
Logoen skal alltid brukast frå originale filer, og skal ikkje bli forsøkt framstilt på annan måte.
Logoen finst også i negativ versjon som vist her. Den negative versjonen har eit kvitt omriss rundt kommunevåpenet, og namnetrekket blir da skrive i kvitt. Den negative varianten blir brukt i dei tilfella logoen må stå på ein mørk flate.
Logoen skal alltid bli brukt frå originale filer, og skal ikkje bli forsøkt framstilt på annan måte.
Namnet Surnadal kommune blir sett i versalar med fonten Calibri Bold. I den horisontale varianten skal namnet stå til høgre for kommunevåpenet og etter dei retningslinjene som er vist på denne sida. I den vertikale varianten skal namnet stå sentrert under kommunevåpenet og etter dei retningslinjer som er vist på denne sida.
Logoen skal alltid bli brukt frå originale filer, og skal ikkje bli forsøkt framstilt på annan måte.
Avstanden mellom kommunevåpenet og namnet skal vere 1/3 av breidda av kommunevåpenet.
Namnetrekket har same høgde som 1/3 av breidda av kommunevåpenet. Namnetrekket står på ei tenkt line som er midten av høgda av kommunevåpenet.
Namnetrekket har same høgde som 1/3 av breidda av kommunevåpenet. Namnetrekket står sentrert på kommunevåpenet. Avstanden frå kommunevåpenet til namnetrekket er 1/3 av breidda av kommunevåpenet.
Det er viktig at andre grafiske element ikkje står for nær logoen, difor skal ingen objekt stå innafor sikringsområdet X, som vist på denne sida.
På små format som visittkort og rubrikkannonsar o.l. gjeld unntak frå regel for minste avstand til andre grafiske element. På desse flatene gjeld sikringsområdet som beskrive på denne sida.
Hovudregelen er at den horisontale logoen blir brukt, og at den blir plassert øvst til venstre på formatet. Logoen blir plassert som hovudregel ikkje nærmare kanten av formatet/papiret enn avstanden = X, sjå tidlegare beskriving under sikringsområde.
Last ned originalfiler av logoen: