LED
Man kan mellom anna styre lysdiodar med micro:biten.
micro:biten kan òg styre korte LED-striper.
Man kan til dømes bruke LED lys til å lage eigne trafikklys. Sjå prosjektbeskriving her (Dette prosjektet kan mellom anna utvidast til å få sjølvkøyrande BitBotar til å berre køyre når det er grønt lys).
Eller man kan til integrere LED-lys i prosjekta i kunst og handverk for å lage interaktive prosjekt eller utstillingar.
Servoar
Servoar som kan nyttast til micro:bit kjem hovudsakleg i to variantar 180° og 360° (kontinuerleg). For å finne blokkane som styrar servoar i MakeCode, må du trykke på "Avansert" og deretter finn du dei under "Tilkobling".
Om du har ein 180° servo betyr verdien du set i blokka til høgre, den vinkelen servoen skal rotere til frå 0°-180°. Med programmet til høgre vil servoen rotere til posisjonen 180° når du trykker på A-knappen og til 0° når du trykker på B-knappen.
Ein 360° servo roterer kontinuerleg i en retning med ein gitt fart. Med verdien 0 vil den rotere med maks fart den eine vegen og med verdien 180 vil den rotere med maks fart andre vegen. Med verdien 90 vil den då stå heilt i ro.
Ein fin øving som inkluderer fleire av funksjonane (og kanskje nokon ukjende blokker) i micro:biten er å få servoen til å rotere basert på korleis du tiltar micro:biten.
Sei gjerne ifrå om du kjem på ein morosam aktivitet eller eit prosjekt der dette er eit nyttig program.
Slik kan programmet sjå ut:
PS. trykk på "Rediger" for å gjere endringar eller laste ned programmet
Man kan kople servoar direkte til micro:biten, men om man har same type serovar som i super:bit-pakken trenger man nokre ekstra leidningar av typa han-han for å kunne kople den vidare med krokodilleklemmer slik ein ser nedanfor.
Den enklaste metoden for dei fleste vil nok være å kople servoane på på BitBoten slik Sigurd gjer i videoen nedanfor.
Design ein vinnande robot til læringsopplegget Robotball
Lag ein automatisk døropnar eller vegbom
Programmer ein fuktmåler med automatisert vatningssystem
Anna
Ein treng ikkje nødvendigvis masse fancy ekstrautstyr for å lage kjekke prosjekt med micro:bit. Nedanfor er det tre prosjekt der man i hovudsak nyttar papp og aluminiumsfolie (noko som leiar straum) som byggemateriale.
Etterkvart har det kome mykje utstyr man kan kople til micro:biten. Alt frå såkalla tinker kit til AI kamera.
For å ha fleire ting tilkopla på ein gong, kan det hende at man treng fleire pins enn dei tre (0, 1 og 2) som er tilgjengeleg med krokodilleklips.
For å få tilgang til desse kan man bruke eit breakoutboard. Desse kjem i mange variantar. Nednafor kan du sjå ein enkel standard variant, og ein med et tilhøyrande breadboard.
Du kan lese meir om detaljert om "edge connectors" på denne sida.
På bilete i midten kan ein sjå at micro:biten er kopla rett i eit breakout board. Dette kan nyttast til å få tilgang til fleire pins. Dette kan koplast vidare i breadboard (det kvite) for å kople på fleire komponentar - t.d. motstandar, diodar, transistorar og knappar.