På startsida til MakeCode for micro:bit finner man fleire enkle tutorials som kan fungere fint når man er i startfasa med micro:bit og bruk av radio.
Enkle:
Følelsesradio Send humøret du er i, til andre micro:bitar i nærleiken (som er i same radiogruppe).
Middels:
Tele-potato Send "potet" frå spiller til spiller. Kor lenge tør du halde på den før du sendar den vidare?
Rød lys / Grønt lys Rødt eller grønt lys sendast trådlaust til deltakarane, og akselerometeret syner rørsle.
Avansert:
Mentometer Deltakarane kan stemme ja/nei, og "stemmane" registrerast på ein sentral micro:bit.
Når man skal drive med radiokommunikasjon, trenger man som regel å lage to program som overførast til kvar sin micro:bit.
Då kan det være genialt å bruke multieditoren i MakeCode, som gjer at man kan ha to MakeCode-vindauge side-om-side.
Man kan sjølvsagt opne to editorar i kvart sitt vindauge/fane, men dette har ein tendens til å skape litt krøll.
Dette programmet kan nyttast til mykje. T.d. kan man lage ein kasteball med micro:bit inni, som kontinuerleg sender opplevd gravitsjon til annan micro:bit som loggfører dette på PCen den er tilknytta.
OBS: For å kunne bruke dei mørkeblå blokkane under "serieport" i Makecode, må micro:biten som er kopla til PC være para – ein må altså ha "connect device" i makecode, slik ein gjer for at program automatisk skal leggje seg på micro:biten når ein trykker "last ned".
Tips: Bruk Multi Editor i MakeCode som det står om ovenfor. Då kan man ha sendar i ein halvdel av skjemen, og mottakar i den andre.
Dette programmet er laga med bakgrunn i denne aktiviteten: https://makecode.microbit.org/courses/ucp-science/rocket-acceleration.
Ein kan òg sjå video til aktiviteten her: https://youtu.be/m9ntqxh8FvQ