Blokkene man finn her kan nyttast for å overføre data frå sensorar eller berekningar til PCen for vidare behandling.
Her ser me eit lite program som ein gong i minuttet sender lysnivået som micro:biten måler til PCen, slik at man t.d. kan måle korleis lyset som treff plantane i vinduskarmen endrar seg i løpet av dagen.
Startkoden til høgre plottar sensordata frå det innebygde akselerometeret i micro:biten i dei tre retningane/dimensjonane og plottar det i same graf i konsollen.
Per dags dato er det ingen enkel måte å hente data frå ein micro:bit som er kopla trådlaust til en iPad, då denne overføringa er avhengig av at micro:biten er tilkopla med USB-kabel. Det jobbast visstnok med ein løysing for å sende dette over bluetooth, så kanskje det er i orden innan du les dette (sei gjerne ifrå om det er tilfellet, slik at eg kan endre denne sida). Skal elevane drive datalogging med iPad, må dataa som samlast inn sendast trådlaust til ein micro:bit som er kopla til lærarens PC eller tilsavrande.
På elevanes micro:bit lager man eit program som sender dataa via radio til alle i same radiogruppe.
Det er viktig at man bruker blokka som gjer at man kan sette ein "merkelapp" på målinga, slik at kvar måling registrerast i kvar sin dataserie.
Dei nedste blokkane sørger for å tenne og slokne ein LED på micro:biten, for å vise at micro:biten sendar målingane.
På lærarens micro:bit lager man eit program som logger dataa som kommer inn via radio.
Animasjonen til nedanfor viser korleis man drar ned "name" og "value" frå radioblokka.
Når man har gjennomført ein datainnsamling/simulering og har skrevet data med serieporten, kan desse dataene hentast ut for vidare bruk/behandling.
1)
Klikk på "Vis konsoll Simulator" om du ynskjer å hente dataa frå en simulering i MakeCode.
Klikk på "Vis konsoll Enhet" om du ynskjer å hente dataene frå den tilkopla micro:biten.
Merk at det kan by på problem at MakeCode spyttar ut verdiar med punktum som desimalteikn. Dette gjer at nokon datapunkt (om dei er desimaltal) kan tolkast som datoar i Excel. Dette er kinkig å endre på når formatteringa fyst har skjedd.
Her kan du sjå korleis du endrer kva for desimaltegn Excel skal bruke.
I MakeCode er det mogleg å køyre simuleringar og utrekningar utan at man treng å laste opp programmet på ein Micro:bit for å få ut dataa. Under kan du sjå nokre eksempel på korleis MakeCode kan nyttast i simuleringar tilknytta sannsyn.
Eksport av data frå simuleringer
I startkoden til venstre simulerast 6000 terningkast med ein 6-sida terning kvar gong man trykker på A-knappen. Dette kan gjerast fysisk på ein micro:bit eller rett i MakeCode.
Verdien på kastet "loggast" i ulike variablar.
Øving
Utvid programmet slik at variablane skrivast til serieporten når man trykker på B.
Bruk av tabellar/arrays for å samle enkeltmålingar
Om man ynskjer å hente ut enkeltmålingane kvar for seg, kan man få programmet til å samle verdiane frå simuleringane i ein tabell (eit array på engelsk).
microbiten har begrensa med minne, men i MakeCode kan man lage store tabellar som kan hentast ut for vidare databehandling.
Utfordring
Kan du endre leggje til ein variabel som heiter "Antal terningar" og endre programmet slik at man ved å endre "Antal terningar" kan simulere 1000 kast med X antal terningar.
Hint: Her treng du nok ein løkke inne i løkken som gjentas et visst antall ganger,
Løysingsforslag: https://makecode.microbit.org/69836-30545-67112-60024
Når man skal telle kor mange gonger ein verdi kjem med å nytte Excel, er det greitt å kunne ANTALL.HVIS-funksjonen.
I eksempelet under har me henta inn ein tabell med resultatet frå 1000 simulerte terningkast med to terningar.
Formelen i celle B6 teller kor mange gonger talet som står i cella til venstre for formelen (i A6) opptrer i rad 2 og 3, der dataa frå simuleringane ligg. Me nytter dollarteikn $ for å låse cellereferansa slik at vi kan kopiere formelen nedover og telle opp alle moglegheitene frå 2 til 12 auge.
Me kan òg sjå at summen av alle førekomstane blir 1000, så me veit at me har telt opp alle.
=ANTALL.HVIS($2:$3;"="&A6)
Å analysere ekte data frå eige miljø kan kanskje være meir meiningsfylt for elevar. Til dette kan ein nytte funksjonane på micro:biten.
Den siste veka har me hatt ein micro:bit liggjande i vinduskarmen på kontoret på ViteMeir. Den har registrert lysnivå og temperatur. Denne relativt enkle målinga har over 3000 datapunkt (1000 på tid, lys og temperatur).
Kan du lese av datamaterialet nedanfor og sjå uventa målingar?
Kva trur du desse kom av?
Kva for feilkjelder trur du kan være knytt til desse målingane?
Kva kan ha påverka målingane? I kva grad trur du dette har gjeve utslag?
Om du har micro:bit V.2, så har micro:biten tilstrekkeleg minne til å lagre ein del data rett i micro:biten. Da kan du logge data uten at micro:biten er kopla til PC, og hente ut dataa frå micro:biten i etterkant.
Slik såg koden som vert nytta ut:
Ein kan lese meir om datalogging med micro:bit her: https://microbit.org/get-started/user-guide/data-logging/
Trådlaus overføring av sensordata
I den fyste startkoden til venstre melder me den micro:biten som skal samle inn sensordata, inn i ei radiogruppe. Den kan nå kommunisere med andre micro:bit som er i same radiogruppe. Om man jobbar mange i same rom, må kvar person/gruppe velgje kvar si unike radiogruppe.
Kvart sekund sendar denne micro:biten eit "namn" og ein "verdi" til alle i denne radiogruppa. I tillegg er det lagt til eit lite blinkande lys, for at me skal sjå at micro:biten køyrar programmet.
I den andre startkoden har vi ein ny micro:bit som er med i same radiogruppe. Denne "ventar" på at den mottar eit "namn" og ein "verdi", og logger denne med serieport-blokken når den kjem. Her er det òg lagt inn eit blink, slik at me kan sjå når micro:biten mottar signal.
Nedafor kan dykk sjå eit artig prosjekt som nyttar desse prinsippa.