Lekse: Sjå minst dei åtte fyste tutorial-videoane om micro:bit som er å finne på sida "Ressursar for å lære eller undervise programmering "
Før neste kurs skal du gjennomføre minst ei programmeringsøkt med elevar. Du kan sjølv velje innhaldet i økta, og tilpasse dette til nivå og forkunnskapar.
For elevar frå 5. trinn og oppover vil me sterkt tilrå å gjennomføre Super:bit-oppdraget evt. nokon av etterarbeidsoppgåvane/bonusoppdrag som ligg lenger ned på sida, dersom dykk alt har gjennomført Super:bit-oppdraget i klassen. Dette er eit gjennomprøvd og godt opplegg som er laga for 6.trinn, men som er testa med suksess heilt opp til VGS. Dei fleste skular (med 6.trinn på skulen + nokon som ikkje har 6. trinn) i regionen har fått super:bit-pakken, så utstyret har dykk alt på skulen. Me har også nokon super:bit-pakkar dykk kan låne dersom de ikkje kan skaffe det på anna vis.
Skriv eit avsnitt eller to om korleis du opplevde å gjennomføre ei programmeringsøkt med elevar. Kva gjekk bra? Kva synst du var utfordrande?
I samling 2 skal me lære å eit tekstbasert programmeringsspråk som heiter Python. Når ein programmerar i Python er det nyttig å bruke noko som kallast IDE. Det står for Integrated Development Environment og er eit program som lar deg programmere og sjå kva som kjem ut av programmet ditt i eit og same vindauge. Ein god IDE vil også gje deg hint om kor du har eventuelle feil i koden din slik at det blir lettare å programmere. Til Python programmering tilrår me å bruke ein IDE som heiter Spyder. Derfor er det lurt om de lastar ned Spyder på eigen PC/MAC før samling 2. Du kan laste ned Spyder frå denne linken: https://docs.spyder-ide.org/current/installation.html
Det er òg mogleg å bruke ein online versjon her:
https://hub.gke2.mybinder.org/user/spyder-ide-spyder-nvv70n0f/desktop/?token=7jWe_x3LR-arAaf5WkeXtw
Men me tilrår å laste ned programmet.