Nye bøker på biblioteket
Lenge sidan du har lest dikt eller kanskje du er spesielt glad i lyrikk?
Då kan det vere verd å sjekke ut diktsamlinga Ho av Christine Kjellstrøm Melby, utgitt i år frå Samlaget.
Dikta i denne samlinga har tema som einsemd, kjærleikssorg og framandgjering. Sant nok trasige tema, men likevel noko dei fleste har kjent på. Melby set ord på vanskelege tankar og følelsar som ein kan kjenne seg att i. Samstundes har dikta hennar den kvaliteten at dei kan vere gåtefulle og gi ein noko å gruble på.
Sjølv om dikta ikkje gjer deg direkte glad, kan dei likevel gi motivasjon, for det er noko med det at når andre gir uttrykk for vanskelege følelsar, så blir dine eigne vanskelege følelsar litt mindre.
Så treffande kan det seiast:
du møter auga hans på fortauet
han drar fingrane gjennom håret
rispar opp hovudbotnen
som dei óg alltid har vore klør
flekker tenner til deg
Sakprosa
Olsen, Rosèn & Trondal: Hvordan virker EU? (2020)
Hanssen, Helgesen & Vabo: Politikk og demokrati (2018)
Herz: Skal du ikke gifte deg snart? (2021)
Husain: Islams hus (2021)
Anda: Som om jeg ikke var redd: verktøykasse for angstmestring (2020)
Nguyen-Kim: Magien med kjemien (2021)
Skjønnlitteratur
Manus: Rottejegeren (2021)
Stuart: Shuggie Bain (2021)
Schepp: Ni liv (2021)
Grimsrud: Jeg foreslår at vi våkner (2020)