Tara Westover:
Educated (2018) / Noe vunnet noe tapt (2019), biografi.
Omtale skrive av Else Ness
I denne biografien skildrar Tara Westover eiga oppvekst i ein mormonar-familie i Idaho i USA på 1990- og 2000-talet.
Tara er yngst i ein søskenflokk på 7, med 5 brør og 1 søster.
Foreldra er opptekne av at familien skal leve strengt etter den mormonske trua der far er overhovud. Ungane får heimeundervisning for å bli oppdregne i «den rette læra». Mor til Tara er på mange måtar ei god og kjærleg mor, men er òg lydig ovanfor ektemannen. Ho hjelper ei jordmor med fødslar, og blir etterkvart løna fødselshjelpar. Dette tykkjer ektemannen er heilt i orden for det er «guds vilje», meiner han.
Etter overbevisinga deira er vitskapeleg medisin basert på vranglære. Naturmedisin derimot, er meir i den gode anden, og mor blir dyktig på å lage plante-uttrekk. Trua på naturmedisinen blir ikkje noko mindre av at den ikkje alltid hjelper. Dette fører til at Tara blir van med smerter, og den dagen ho verkeleg blir kvitt øyreverk ved å ta smertestillande ho får av venen Charles, så kan ho ikkje tru at smerta er vekke og prøver å framkalle den att.
Tara har to eldre brør som utdannar seg og flyttar ut. Ein av dei Tyler, oppmuntrar Tara til å gjere det same. Dette behovet blir stadig sterkare etter kvart som Tara blir ungdom og vil forstå meir av seg sjølv og verda. I tillegg blir forholda heime forverra av ein far som ofte er psykisk sjuk og av ein annan bror Shawn, som bli stadig meir kontrollerande og valdeleg ovanfor Tara.
Mormonar trur på at mennesket fritt og uavhengig kan lære om det gode og det vonde, så lenge dei mormonske tekstane er basiskjelder. Så Tara får lov til å byrje på vidaregåande og etterkvart på studiar. Dei manglande kunnskapane hennar om både studieteknikk og om historiefaget, skapar både aha-opplevingar og pinlege misforståingar.
Tara har likevel ei eiga evne til å lære, ho knekker studie-koden og det er nettopp historie som blir det faget ho vil satse på vidare.
Ein dag får ho anbefalt å søke på ein studieplass ved Cambridge Universitet i England. Søknaden blir godkjend, og Tara reiser til London og startar eit nytt kapittel i livet.
Samstundes som Tara utviklar seg stadig meir som eit opplyst menneske, opplever ho eit paradoks:
Kunnskapen ho har fått fortel henne at det var rett å kome seg vekk frå familien. Likevel har Tara òg med seg verdifull lærdom heimanfrå, mellom anna at familie har stor verdi for eit menneske.
Tara kjenner det som at ho har svikta foreldra og familien.
Boka viser ein interessant bit av den amerikanske kulturen.
Dette er oppslukande lesing som mellom anna fortel oss kvifor historiekunnskap er viktig for det moderne mennesket!
Tara Westover vart fødd i Idaho i 1986. Ho tok doktorgraden i idéhistorie ved universitetet i Cambridge i 2014.
Fakta om mormonar:
Den mormonske kyrkja som òg blir kalla for Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage, er eit kristent trussamfunn som vart oppretta i Utah i 1830. Bibelen og Mormons bok er to av dei viktigaste religiøse skriftene deira.
Mormonar ser på mennesket som eit uavhengig vesen som kan ta frie slutningar basert på kunnskap om det gode og det vonde etter kva dei religiøse tekstane seier. Familie, ekteskap, lydigheit og avhaldenheit er viktige verdiar for mormonar. Nokre mormonar praktiserer polygami eller fleirkoneri, noko som er kontroversielt.
Det er tradisjon at mormonar brukar 1-2 år på misjonering. Mormonane ser på deira eiga tru som den einaste korrekte, kristne læra, medan andre som ikkje trur på mormonisme er fortapte, etter deira meining.
Heimeundervisning er ein metode mormonane brukar for å sikre at personar får den rette, religiøse kunnskapen, og dessutan styrkar det viktige verdiar slik som familiesamhald.
Kvar familie er råda å ha eit kriselager av mat, vatn, brensel og pengar, samt nødvendig kunnskap i tilfelle ei krise skulle oppstå.
(Kjelde: snl.no)