Forfattar: Zeshan Shakar
Forlag, år: Gyldendal, 2017
Omfang, språk: 428 sider, bokmål
Andre opplysningar: Suppler gjerne med lydboka
Digitale versjonar:
Lån av e-bok og lydbok på Bookbites
Lydbok på Fabel (kostnad)
E-bok og lydbok via NLB, tilpassa lesevanskar
Zeshan Shakar vart fødd i Oslo i 1982 og har vakse opp på Stovner. Han er forfattar og dessutan utdanna statsvitar.
Romanen er første boka til Shakar, og han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for romanen.
Handling:
To unge gutar, Jamal og Mo, bur begge i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Groruddalen i Oslo. Dei blir med på eit forskingsopplegg initiert av Lars Bakken som jobbar i NOVA. Oppdraget til gutane er å gi jamlege oppdateringar om kvardagslivet for ungdom i Groruddalen. Mo likar å skrive, medan Jamal gir munnlege rapportar, innlese på kassett-band. Tida handlinga går føre seg er byrjinga av 2000-talet.
Særskilde eigenskapar ved boka:
Boka er bygd opp som dagbok, der gutane skiftevis fortel om kva dei opplever. Måten dei fortel på, den eine skriftleg korrekt, den andre munnleg, forsterkar personlegdomen deira.
Språkleg fargerik, særleg der Jamal fortel på munnleg kebabnorsk. Dette kan gjere det både utfordrande og fascinerande å lese. Difor kan det vere god hjelp i og dessutan gi boka ein ekstra dimensjon, viss ein høyrer lydboka.
Skildrar verda på 2000-talet, noko teknologien er døme på. Viser til nasjonale og internasjonale hendingar slik som 11/9 -01, som påverkar gutane på ulike måtar.
Viser òg ulikheita mellom gutane. Mo er flink på skulen, blir belønna med eit eige stipend, er interessert i studiar og teoretisk kunnskap, medan Jamal har det tyngre. Han må ta seg av vetlebroren medan mor er sjuk. Jamal vil eigentleg berre «chille» og høyre på hiphop. Han passar ikkje inn i skulesystemet og slit med å finne jobb. Jamal omtalar etniske nordmenn som «potteter». Samstundes har han ofte godt humør og er ein livleg person som gir uttrykk for alle følelsar på fargerikt kebabnorsk. I motsetnad viser ikkje Mo så godt kva han føler, han beskriv opplevingane sine meir distansert og "innpakka".
Egnar seg til diskusjonar rundt:
-Kulturmøte mellom innvandrarmiljø og det etniske norske.
-Ære og skam.
-Kva faktorar som bestemmer korleis det går med deg i livet, med eller utan bakgrunn i innvandrarmiljø.
-Velferdssystemet i Noreg.
-Kor mykje språk har å seie for identitet.
Sitat frå boka:
Det er biler liksom. Vasking. Samme greiene hele tida. Jeg hører på musikk da, når jeg vasker og sånn. Må det ass, hvis ikke, hva skal jeg gjøre? Høre på høytrykksspyler? Det er litt pes, for du veit ledning og sånn til høretelefon, den kommer på veien. Plutselig jeg drar ut greia fra discmanen. Veit du hvor vanskelig det er å sette den inn igjen med sånne svære gummihansker? Og den discmanen min, den er sånn dårlig. Du veit når jeg vasker og sånn, jeg må bevege kroppen, ikke sant, og når jeg gjør det, da den dritten hakker. Liksom, sånn som jeg husker når den albumen til 50 Cent kom, Get Rich or die Trying, da en kompis brente den for meg. Jeg tar den med på jobb, og jeg er så klar for å høre på den, liksom, du veit hvordan folka hypa den så heftig, bare: «Olø, karen har blitt blæsta ni ganger liksom. Han er ekte G, ikke fake.» Og jeg tar den med på jobb, men hele tida midt på sangene den hakker og stopper, og jeg får ikke høre en dritt. (s. 182)
Forfattar: Monica Bjermeland
Forlag, år: Samlaget, 2019
Omfang, språk: 232 sider, nynorsk
Digitale versjonar:
Lån av e-bok på Bookbites
Monica Bjermeland vart fødd i 1975 i Vestnes i Møre og Romsdal. Ho bur i Oslo og jobbar på senteret for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar. Bjermeland brukar eigne erfaringar som grunnlag for denne romanen.
Romanen er den første boka hennar.
Handling:
Gabriella er ei ung åleinemor som bur i Oslo, men med bakgrunn i ei bygd i Møre og Romsdal. I 10-års alderen fekk ho vite at den eigentlege, biologiske far hennar er tyrkisk. Dette kjem mildt sagt som ei overrasking, og mykje av ungdomstida handlar om å finne ut av både kven ho sjølv og kven faren er. Som vaksen tek ho ikkje utan risiko, med seg dottera Maria på 4 til eit uroleg område i Tyrkia for å spore opp faren og få svar på spørsmåla sine.
Boka skiftar mellom notid og fortid, mellom reisa i Tyrkia og "reisa" Gabriella gjer på leit etter eiga identitet.
Særskilde eigenskapar ved boka:
Om opphav og identitet
Beskriv forholdet mellom far/dotter og mor/dotter
Om fordommar og diskriminering som òg ein innfødd norsk kan oppleve
Ei "ikkje-typisk" kulturmøte-bok slik som dei meir kjende "Groruddal-bøkene", mellom anna fordi mykje av handlinga er frå bygde-Noreg og er via synsvinkelen til ein person utanfor eit innvandrarmiljø
Viser korleis teknologi påverkar oss, men samanliknar òg dette med dei grunnleggande verdiane for menneske
Går inn på enkelte politiske tema, slik som innvandring og konfliktområda i Tyrkia og Syria
Egnar seg til diskusjon rundt:
-Opphav og identitet og kor mykje det har å seie for menneske. Kvifor går Gabriella så langt som ho gjer for å finne ut meir om faren?
-Fordommar og diskriminering, som mange av oss kan oppleve
-Innvandring og integrering
Sitat frå boka:
-Du trur meg, gjer du ikkje? Du er ein prikk i hjartet mitt, skjønar du. Eg gløymer deg aldri. Aldri.
Kva var det professoren på innføringskurset i arabisk sa til oss, at på arabisk finst det 63 måtar å seie eg elskar deg på? På veg heim frå fagerborg skule den kvelden tenkte eg på far, på at han hadde brukt ein av dei måtane til meg, og no gjer han det igjen. Du er ein prikk i hjartet mitt.
[...]
Eg hugsar ikkje mykje frå arabiskkurset, lærte ikkje eingong å presentere meg sjølv, men dei fire første bokstavane har festa seg. Alif, ba, ta, tha. Byrjinga på fars-alfabetet. Og at to lange vokalar ikkje får kome etter kvarandre. Det blir for lite motstand. Noko må kome mellom, fortalde den libanesiske språklæraren oss, det er ei slags naturlov. Ho lærte oss standardarabisk. Finst det 63 måtar å seie eg hatar deg på også? spurde eg aldri. (s.158)
Høyr NRK-podkast med presentasjon og intervju av forfattaren og boka:
https://radio.nrk.no/podkast/bok_i_p2/sesong/201908/l_cef4f934-0196-41cf-b4f9-34019621cf09
Forfattar: Iram Haq & Hilde Hagerup
Forlag, år: Cappelen Damm, 2019
Omfang, språk: 108 sider, bokmål
Andre opplysningar: Boka byggjer på filmen med same tittel frå 2017, regissert av Iram Haq
Filmen kan sjåast via filmrommet.no (passord-regulert)
Digitale versjonar:
Lån av e-bok på Bookbites
E-bok og lydbok via NLB, tilpassa lesevanskar
Iram Haq vart fødd i 1976 og vaks opp i Oslo. Ho er ein prisbeløna filmregissør, samt songar og skodespelar. Ho har tidlegare gitt ut bildeboka Skylappjenta som òg er basert på hennar eiga film med same tittel. Haq skildrar eigne erfaringar i filmen/boka.
Hilde Hagerup er fødd i 1976 i Tromsø, og vaks opp i Fredrikstad. Ho kjem frå ei berømt forfattar-slekt med Inger Hagerup som bestemor og Klaus Hagerup som far.
Hilde Hagerup har fått fleire prisar for barne- og ungdomsbøkene sine, og ho har skrive manus til tv-serien Snøfall.
Handling:
16 år gamle Nisha er dotter til pakistanske foreldre. Ho prøver å skjule at ho vil leve eit liv som dei fleste norske ungdomar. Heime blir det forventa at ho lever etter tradisjonelt levesett. Så blir Nisha avslørt i å ha hatt besøk av ein gut på rommet sitt, og mot si vilje blir ho sendt til Pakistan der ho blir halden innesperra hjå tanta sin familie.
Ho opplever tvang og overgrep, blir henta heim att til Noreg der undertrykkinga og hjernevaskinga fortset. Til slutt går det mot skjebna å bli gifta vekk til ein pakistansk mann i Canada.
Særskilde eigenskapar ved boka:
Ei ungdomsbok, lett å lese og sett gjennom synsvinkelen til Nisha
"Ei visuell" bok som går rett på sak. Fokuset er å skildre dei dramatiske hendingane og vise kva resultat og konsekvensar det fører til
Historia skildrar og bekreftar mykje av det fæle ein har høyrt om som nokre muslimske jenter blir utsette for
Boka har ei nær tilknyting til filmen, og det kan difor vere interessant å samanlikne film og bok
Beskriv far/dotter-forhold
Egnar seg til diskusjonar rundt:
-Sosial kontroll, særleg av jenter i muslimske miljø
-Ære og skam
-Kvinnesyn både innan muslimske miljø, men òg elles i samfunnet
-Barnevernet i Noreg og om det kunne vore gjort noko anleis i saka til Nisha
-Kva verknader det har at Iram Haq har skrive ei bok basert på filmen ho laga med same tittel
Artikkel om arbeidet med å adaptere film til bok:
Sitat frå boka:
Det var tre av dem, og de hadde uniform. Og stokker. En av dem hadde slått Amir, og han fortsatte å slå, hardt over ryggen.
-Hva foregår her, mister?
-Ingenting.
-Ingenting?
-Nei.
-Så gjør noe, da, sa en av de andre.
Så tok de tak i det håret jeg nettopp hadde kysset og klemt og kjent på. Og dro Amir ned i bakken.
-Hvor bor du? sa en av dem, mens en av de andre klemte hånda rundt munnen min.
-Jeg er fra Norge, sa jeg.
-Å, hun er fra Norge. Det er for varmt her for henne, for hett. Tåler du ikke heten?
-Jeg bor hos tanta mi, men jeg er fra Norge.
-Norge, Norge, Norge.
Så tvang politimannen meg til å ta av meg klærne.
Så dro han meg ned på gulvet. Så dro han av seg buksa.
(s. 83)