Digitale ressursar

Ein dokumentar du kan sjå på Filmbib er War of art frå 2020, om Nord Korea og vestlege kunstnarar som prøver å få til kulturutveksling.

Alle med nasjonalt lånekort kan logge seg på denne tenesta. Treng du lånekort kan du anten spørje bibliotekar eller ordne det sjølv på denne nettsida: Digitalt nasjonalt lånekort


På Filmbib kan du finne ein del kortfilmar og nokre langfilmar innan ulike tema. Dette er både dokumentarar og spelefilmar.

På grunn av den korte lengda på mange av filmane egnar dei seg godt til undervisning i mange fag.


Logg deg på, søk på tema og utforsk!

Filmrommet er ei streamingteneste som skulen abonnerer på.


Det er berre lærar som kan logge seg på Filmrommet. Klassen kan deretter sjå filmen i lag.

Påloggingsinfo kan lærar få hjå bibliotekar.


Utvalet filmar her er dokumentarar og spelefilmar innan ulike tema.

The Imitation Game, om matematikaren Alan Turing, kan ein sjå på Filmrommet.