Det er ein stor ting å flytte til ein gard i drift. Det gjev inntekt og moglegheiter. Men det kan vere einsamt og ein treng alltid eit nettverk og kunnskap. Vi vil sjølvsagt gjerne selje til nokon som kan drive garden på ein god måte, har pengar og betaler det vi treng. No har vi omorganisert oss litt. Eg, Stig, har teke over drifta som forpaktar fram til vi finn nokon som passer til å kjøpe. For vi flyttar ikkje langt og kan ta på oss å drive garden i ei overgangsperiode. No ser vi etter nokon som kan tenke seg å flytte inn i huset og jobbe i vanleg løna arbeid for meg og eit par andre geitebønder i nærleiken fram til nokon bestemmer seg for å kjøpe. Det vil då vere 6 månads frist på overtaking. Du kan slik prøve korleis det kan vere å bu her, og det gjev ulike måtar både å skaffe finansiering og teste ut forskjellig. Ta kontakt på 92611778 for meir info