Våningshuset oppført etter krigen og er ganske stort. Det har vore to bueiningar, og det kan det vel verte igjen og ønskeleg. Skulle eg budd her fortsatt ville eg vurdert å lage eigen inngang inn i andre etasje rett inn frå bakken bak huset og latt andre etasje og loftet vore ei eining som før. Kanskje store vindu i taket og i gavlane på loftet. 1.etasje ville eg kankje integrert meir mot kjellaren som ligg fint i terrenget.
Klyngetunet. Garden vår er dei nærmaste bygga. På høgre side ser du ein steingard som kjem inn i bildet og markerer ei linje som går i gjennom tunet og er grensa mellom dei to bruka.
Landbrukstaksten får du ved å vende deg til Landkreditt Eiendom, med annonse på Finn. Der finn du og tilstandsrapporten på våningshuset.
Fjøset er stort. Den gamlaste delen er den høgaste. Geitene som mjølkar går på eit praktisk grønt plastgolv i delen til høgre. Underetasjen i gamlelåven har mjølkerom, ny mjølkestall og ungdyravdeling. Oppe på låven er det eit stort disponibelt areal og ein formiksar som blandar rundballane og fordeler foretpå transportband og fram til forbrett som går i gjennom heile geitefjøsavdelinga.
Formiksaren har plass til to rundballar av vanleg størrelse
I frå geitefjøsen. Vanlegvis 48 geiter i kvar stekke (bås) To langsgåande og rullande forbrett. Foret kjem ned i endane og fordeler seg utover automatisk.