Gardsdrifta i dag
Garden er eig av Jonas, 26 år. Han kjøpte garden på den opne marknaden med støtte frå familien og vi flytta alle hit i 2021. Vi, er fordeldra og søstre. No har Jonas funne kjærleiken på ein liknande geitegard 15 km borte, og vi andre kan ikkje drive gard utan Jonas. Derfor må nok garden seljast.
Gardsdrifta er basert på geitemjølk levert til Tine. No held vi på å “avsine” geitene, slik at dei skal få ein god somarferie utan mjølking fram til september/oktober. Det mest naturlege er nok å få kje om våren, men det har ikkje vore vanleg her fordi Tine gjerne vil ha jamn tilgang av mjølk heile året og difor betalar best for mjølka i november til og med januar. No har vi sendt ganske mange geiter til slakteriet slik at nye eigarar skal få overta passeleg mange, unge og gode geiter. No har vi 125 geiter ute på beite. Beitet vi nyttar ligg i tilknytning til fjøset, slik at vi oftast slepp geitene inn om kvelden og ut om morgonen slik dei gjerne vil.
Kvar tredje dag kjem tankbilen frå Tine og hentar mjølka. Kvar morgon og kveld mjølkar vi geitene (den delen av året dei har mjølk sjølvsagt). Det tek eit par timar kvar gong. Så forar vi. Det er ein miksar på garden som vi fyller med to rundballar kvar gong. Der slepp vi også opp i vitaminar og kraftfor. Etter omlag ein time er foret passeleg knust og går så på transportband ned til forbretta som rullar framover i fjøset slik at alle dyra får mat samstundes og vi slett manuell handtering. Systemet ligg til rette for andre fortilsetjingar som kan verte aktuelt framover. (grønsaker, metanhemmarar, overskotsmyse og liknande) Dessutan er det bra for å blande saman ulike forsortar når ein har overgangar mellom ulike forparti, noko geitene er følsame for.
Mjølkinga foregår i mjølkestallen. Den held vi på å flytte og modernisere. Det nye utstyret skal takle at geitene har horn, noko det vi har hatt no ikkje er tilpassa. Hittil har dei geitene som har horn brukt desse til å løyse både seg sjølv og andre dersom dei tykkjer dei har stått lenge nok stille, og det har skapt uro i mjølkinga. Tidlegare har geitene vore avhorna. Det er dei ikkje lenger og det finn vi meining i. Det nye mjølkesystemet skal gje god oversikt over mjølkemengde på kvar enkelt geit, og det er automatisk avtaking av mjølkeorgana når det er tomt for mjølk i jura. Det skal gje betre helse og er arbeidsbesparande. Det er også vaskesystem for spenene. Fint for ein ny drivar av bruket er også at alle gummidelar, slangar og forbruksdelar ellers er heilt nye. Den gamle mjølkestallen står inne i fjøset og når den no blir fjerna får fjøset et mykje større areal som gjer at det vert betre plass til tildømes kje og ungdyr inne i fjøset. Bra dyrevelferd og meir lettvindt.
Garden ligg i ei sone for “utvalde kulturlandskap”. Det gjev ekstra tilskot. Vi har drive jord også i nabobygda Viddal. Vi år har vi for mykje for. Vi kan tenkje oss at ein ny kjøper berre driv jorda i nærleiken pluss på sætra. Og driv med kanskje berre 130 geiter til ein start, gjev det med siste jordbruksoppgjer slik det vert dreive no ca 940.000,- i årleg jordbruksstøtte. Mjølka noko meir.
Auka inntekt kan ein få ved å slå meir jord, halde fleire dyr (forrige eigar hadde opptil 250 geiter, og no er arealet i fjøset større) drive sæter i Bakkedalen eller lage mjølke eller kjøtprodukt. Dersom ein let geitene kje om våren og har dei ute på beite om somaren, vankar det i overkant av 1500 kr per kje (tilskot) Med to kje per geit lyt ein vege det opp mot dårlegare mjølkebetaling, ekstra arbeid og kostnader. Inntektene kan aukast mykje, men kanskje er det betre å vere lykkelig liten? Kanskje til og med legge om til økologisk?
Kvar morgen går geitene rett ut og på beitet