Svartsyn. (Vinteren 1941)
Det er so myrkt ikring meg alle stader,
og allting tykkjast liksom grått og svart;
Eg trur at sol og ljos kje meire glader
i slik ei myrk og regntung vinternatt.
Eg trur eg søv, og at eg berre drøymer
men allting vitnar om at det er røynd;
Og alt som fyrr er hendt eg stadig gløymer.
Det er som alle minner burt er gøymd
Ja, alle ljose fagre minner
dei bleiknar burt, og alt vert tungt og trist
Det er nok myrkheimsmakt som stadig vinner
mi sjel med same vonde lygn og list
Og alt som ser meg, det vil sikkert tenkja:
Du er ein motlaus stakkar som kje finn
den rette knuten til å løyse lenkja
som so hardt og hjartelaust di framtid bind
Arnold Kleppan