Skriven vinteren 1940
Eg skodar mot aust
mot ein gryande dag,
mot solljos som glimar likt gull,
mot vaknande liv som lyfter i lag
“Ein nyare tid”
Eg skodar mot aust,
langt burte eg ser
eit fjell som i soldis er lagt.
På høgaste tinde en snøbre der er
“Kaldkvit i kinne”
På fjorden nedunder der blikkstilla når
ligg havet so speglande blankt.
Ein solstråle ned mot djupet seg når.
“Botnen er målet”
Eit nes og ein odde og skogkledde lid.
Eit bilde i sjøen dei teiknar.
I fargar og storleik dei fylgjer ei tid.
“Full av hugleik”
Det landet eg ser so fagert i aust
dreg minnene fram,
og eg fer ein kjærleik so rein, ein truskap so trattast
“Eg so heil”
Då vaknar i hjarte
ei eventyr glød
og tanken fer draumande veg.
Det kveikjes ein eld, som brenn i mitt blod
“og som venner”
Der trongast det var,
millom fjell, millom fjord.
der livet såg gagnelaust ut.
Der møtte du meg, med kjærleik so stor.
“og so underleg”
Eg viste det vel.
at du elska meg stort.
men botnelaus kjærleik det var.
Eg trudde på deg, at du aldri gjekk burt
“at du svikte meg”
Men lagnadens veg, so tung og so trist, den møtte oss båe på rad.
Aleine og einsamdet vart eg til sist.
“du gjekk burt”
Og kanskje eingong
når vi møtes igjen.
Du trur at eg brenner av hat.
Men hugs berre då, du er atter min ven og min “kjæreste”
Ein draumar og vaknar
og atter påny
og røyndommen fram att seg ter.
Eg merker med eitt det er dagninggry
og at sola skin.