Dikta hausten 1939. Prenta i «Jul på Helgeland» året 1939.
1.
Snart tek han ende den songen eg høyrde,
tonane døydde og orda tok slutt.
Ljoset det slokna og varmen han øyddest
kaldgufsi sigra og jaga deg ut.
2.
Mørkret seig på, og stormvêret auste
lynet det blinka og tora ho slo
Havet gjekk skumkvitt og bårone bruste
Svartaste skydott på himmelen for.
3.
Ottast du gut for dette ûvêret
«Hardhjarta mann med drist og med mot.»
«Lat meg få sjå kva no du kann gjere»
«Vis no at du er av kjempegrot»
4.
Eg tykte dei orda var harde som stål.
Dei blinka av spott og av harme.
Redd hugen tok meg: «Å like, ver gjev tol!»
Å trøyste, og betre meg arme.
5.
Men vondmakta rådde, kjørde det fagre.
Fauk so fram med sigrande lått.
Udyr skar tenner, skinnbeine magre,
lynte med augo, og kald flirde grått.
6.
Naudrop og klage, menneskje styr deg
ser du kje Ragnarokk truande nær?
Er det det sjølv som gjer det so fårleg?
Tenk deg om. Straffa vel eingong du får.
7.
Midt gjenom dette stole elende,
tindrar ei stjerne med herlegdomsglans
Mildaste røysti seier: «Friande,
reis opp di sjel til syn og til sans.»
8.
Slutt! det er ordet «Fred!» det er ordet.
Tida er inne til vakning på ny.
Alle, ver med i dette Guds-koret,
«Frelsa no kjem ho, sjå opp imot sky.»
9.
Songen er byrja, tonane fløymer.
Alle som vil: «Kom og ver med»!
Mørkret vik undan, lyset det strøymer
fram gjenom natta. «Aveleg fred!»
(Arnold Kleppan)
Far tegnet omslaget og Arnold var med i en konkurranse der han kom på annen plass, men fikk dette diktet publisert i denne utgivelsen.