gjennomføre ei samfunnsfagleg undersøking og presentere resultata ved hjelp av eigna digitale verktøy
presentere ei aktuell nyheitssak og reflektere over forskjellar mellom fakta, meiningar og kommersiell bodskap i mediebiletet
samanlikne korleis ulike kjelder kan gi ulik informasjon om same tema, og reflektere over korleis kjelder kan brukast til å påverke og fremje bestemte syn
utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der
reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
utforske hovudtrekk ved historia til samane og dei nasjonale minoritetane i Noreg og presentere rettar samane og dei nasjonale minoritetane i Noreg har i dag
reflektere over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete
utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser
reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne
beskrive sentrale hendingar som har ført fram til det demokratiet vi har i Noreg i dag og samanlikne korleis enkeltmenneske har høve til å påverke i ulike styresett
gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og reflektere over konsekvensar av å bryte dei
reflektere over korleis møte mellom menneske har bidrege til å endre korleis menneske har tenkt og ulike samfunn har vore organiserte
https://www.udir.no/lk20/saf01-04/kompetansemaal-og-vurdering/kv146
Landbruket har vært en av de største revolusjonene for menneskeheten. Det la grunnlaget for bofasthet, byer og utvikling av kunnskap.