Vurderingsverktøy for kartlegging av dugleik i norsk

- for minoritetsspråklege elevar

I følge opplæringslova § 3-12 skal fylkeskommunen:

"kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen".

Opplæringsavdelinga har saman med Høgskulen på Vestlandet og lærarar med norsk som andrespråk i HFK, utvikla eit vurderingsverktøy for kartlegging av norskferdigheitene til minoritetsspråklege elevar.

Vurderingsverktøyet er utvikla for å støtte skulane i arbeidet med å kartlegge elevane sin dugleik i norsk: 1) som grunnlag for å kunne gjere vedtak om særskild språkopplæring, og 2) som grunnlag for det vidare pedagogiske arbeidet med språk og tilrettelegging i klasserommet. På sikt er målsettinga at vurderingsverktøyet òg skal inkludere forslag til pedagogiske opplegg for elevgruppa.