Voldamodellen

Voldamodellen som strategi

Metode nedfelt i strategien: 

Aksjonslæring der ein prøvar ut aksjonar mellom Utviklingsmøta ( møtestad). Ein ser på og testar ut neste praksis.

Aksjonslæringspiralen 

Dialogkonferansemodellen : der alle partar har ei aktiv deltaking både på utviklingsmøter og utviklingsdagar/fagdagar.

Kunnskapsutvikling i praksisfeltet som skapar eit godt profesjonsfelleskap og ein lærande organisasjon.

Leiarstøtte der relevante tema knytt til det å leie utviklingsarbeid vert tematisert


Samarbeidsarena i kommunen

Arbeid med aksjonslæring.

Det er innad i den enkelte barnehage sjølve arbeidet foregår. Men for at vi skal lære av kvarandre så kan vi opprette ulike arena der vi kan dele erfaringar.

Nettverksmøte/utviklingsmøte.

Kvar arbeidsgruppe kan møte andre arbeidsgrupper i nettverk. Eit høveleg nettverk er arbeidsgruppene i tre til fire barnehagar. desse arbeidsgruppene møtes for å dele erfaringar med arbeidet så langt. her kan t.d. alle barnehagane fylle ut ein GLL (Gjort-lært-lurt) så kan dei samtale rundt kva andre kan sjå kan vere lurt. Arbeidsgruppa tek med seg dette tilbake i barnehagen der dei saman kan reflektere over (neste)praksis.

Utviklingssamlingar/Fagsamlingar.

Dette kan vere samlinngar der heile personalet er saman med personale i kommunen, regionen m.m. der ein får ny kunnskap om eit emne som inngår i kompetansehevingstiltaket. Ofte gjennomført etter dialogkonferansemodellen.


Organisering i barnehagen.


PARTNERSKAP

Eit partnarskap skal vere eit likeverdig samarbeid mellom forskjellige aktørar som er avhengige av kvarandre for å løyse ei oppgåve. Samstundes skal det vere eit treffpunkt som kan utløyse idear, kunnskap og motivasjon. 

Gjennom samarbeidet skaper ein gjensidig læring og utvikling hos alle involverte, som igjen utviklar praksisen både i barnehagane og ved høgskulen. 

Saman skapar vi betre kvalitet. 

Styrke partnerskapene 

For å utvikle og styrke likeverdighet i partnerskapene må det utvikles samarbeidsrelasjoner, der involvering og brobygging mellom ulike kunnskapsformer står sentralt.


Samtidig må det legges til grunn at aktørene har ulike samfunnsoppdrag og egenart.

Det må være enighet om mål og tydelige rolleavklaringer blant annet om hvordan partene skal arbeide sammen på en likeverdig måte og med mål om utvikling for begge parter. NOU 2022-13