Forankring

Utviklingsarbeidet må vere forankra i kommunen, hos eigar og i barnehagane. Med det meinar ein at ledelsen og personalet skal vere sterkt involvert i behovet for og gjennomføringa av utviklingsarbeidet.

Det er viktig å bruke god tid på forankringa, både i forkant og undervegs i prosessen. Dette for å sikre at alle får delta i prosessane i utviklingsarbeidet og sjå/eige viktigheita av å utvikle eigen og barnehagen sin praksis. Forankringa må også skje i forkant og undervegs i dei aksjonane som skjer på avdelingane/basane.

Together Eeveryone Achieves  More

Kartlegging av behov

Barnehagebasert kompetanseutvikling skal ta utgangspunkt i kartlagde behov. 

Difor er ei kartlegging viktig.

Kartlegging kan gjerast på mange vis og under finn du nokre dømer:


Kartlegging, forankring og dokumentering i Barnehagen

Situasjonen no

Fokusområde / problemstilling 

Ønska situasjon

Aksjonar


Bruk aksjonslæringsspiralen for å reflektere over eigen praksis. Sjå film under fana aksjonslæring.