Ulike verktøy

Literatur: Å skape og studere endring - Aksjonsforsking i barnehage 2. utg.  M. Bøe og M. Thoresen 2019 Universitetsforlaget

Gjort Lært Lurt

https://min.helsekompetanse.no/mod/book/tool/print/index.php?id=4615#ch2362

Over kan de sjå ein filmsnutt der Tom Tiller forklarar Gjort Lært Lurt.

Literatur : T. Tiller og O. Gedda Metoden Gjort - lært-lurt (2017)

SWOT analyse

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/SWOT/  

Dømet her er retta mot skule, men kan tilpassast til barnehage.                                                                                                                                                                                                 Henta frå UDIR

Systemisk tenking

Modellen til Senge (2006) kan vere nyttig i prosessen når ein skal skape felles forståing blant personalet om fokusområder og forankring. Prosessar treng tid og tek tid om alle skal få eit eigarforhold til området ein ynskjer å utvikle.

Litteratur Peter M. Senge 2006 The Fifth discipline

Metode for å skape positiv og anerkjennande kultur

Henta frå Prosesslederboka - lær å lede gode prosesser og møte  Tanggaard, Pål 2016


Glansbilde metoden

Henta frå Prosesslederboka - lær å lede gode prosesser og møte  Tanggaard, Pål 2016


Enkelt skjema ein kan nytte saman med personalet sitt for å sjå kvar ein er i dag og kva ein kan tenke seg å utvikle vidare for å nå ønska situasjon. jf. SØT modellen

Venn diagram

Kan nyttast til dømes der to avdelingar/basar/einingar, vil samanlikne to områder og finne ulikheiter eller likheiter. På den måten kan ein få gode refleksjonar rundt det som kjem fram og lære av kvarandre. 

Dømer: 

-samarbeid skule/barnehage

-korleis to barnehagar organiserar møta sine e.l.

-korleis to avdelingar/baser gjennomfører måltid, garderobesituasjon, samling etc.

T.R Fløgstad og G. Helle - Verktøy som virker i verdistyrte barnehager 2016

Kommunikasjonsleik

Y diagram

For å definere omgrep eller innhald i verdiar, mål, fokusområder m.m. , kan det vere nyttig at personalet nyttar Y diagram. Dømet her er henta frå "Verktøy som virker i verdistyrte barnehager." Fløgstad,T.R og Helle, G. 2016

To ønsker og ei stjerne 

Du treng : Penn og post it lappar til personalet

Mål med metoda: 

-fokusere på positive ellement samtidig som ein ser områder ein kan verte betre på.

-refleksjon over kva som er bra og prioritering av kva ein bør ta tak i.

Har ein betre tid kan ein dele deltakarane i grupper på 2-3. Bruk rekkeframlegg til å presentere synspunkta. Prioriter og lim lappane på ark på bordet fordelt i Positivt og Forbetring.

Slå så saman 2 grupper slik at det vert 4-6 deltakarar. Gruppene presenterar sine prioriteringar for kvarandre og ein gjer ei ny prioritering som vert presentert i plenum eller levert inn.

Henta frå Nettverk- nordmøre 

https://www.nettverk-nordmore.no/innhold/prosessverktoy/to-onsker-og-en-stjerne/

Framdriftsplan

Ein framdriftsplan gjer ting oversiktleg og kommunikasjonen tydelegare for alle.

Det er mange måtar å lage framdriftsplanar på. Her er eit døme på korleis ein framdriftsplanen kan sjå ut. 

Her kan ein legge inn alle aktivitetar/aksjonar ein skal gjere i tilknytting til utviklingsarbeidet.

Heissamtale.pdf

Heissamtale

Opne dokumentet for å lese meir om  heissamtalemetoda.

Henta frå Nettverk Nordmøtre 

https://www.nettverk-nordmore.no/innhold/prosessverktoy/heissamtale/

Galerirunde

Metode for å vise fram resultat av eit arbeid.

Enkeltpersonen, gruppene/avdelingane/barnehagane, lagar til ein presentasjon av arbeidet dei har gjort. Ein person står ved presentasjonen og presenterer arbeidet, medan dei andre blir delt i mindre grupper og går rundt for å ha ein dialog med den som presenterer. Ein skiftar "post" på tid. 

"Verktøy som virker i verdistyrte barnehager".Fløgstad,T.R og Helle, G. 2016