Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar, i dag busett i Bergen. Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. I dette opptaket frå 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar. Kaj Skagen fortel om Forsøksgymnaset, ulike politiske og litterære aktivitetar, grupperingar på 60-, 70- og 80-tal. Han reflekterer også over perioden slik han ser den i dag. Han seier mellom anna at dei motkulturelle rørslene på 70-talet eigentleg ikkje sto for noko nytt, både hippiekulturen, antroposofien og marxismen hadde sine høgdepunkt langt tidlegare - dei vart berre fullførte på 70-talet. "Alt det dei motkulturelle sto for på 1970-talet er jo mainstream i dag. No er alle motkulturelle. Untatt eg".

Opptaket er utstyrt med mellomtitlar for å lette navigering i det.

Kaj Skagen si heimeside heiter http://www.kajskagen.no/