Rovviltnemnda i region 2 har opna for felling av to – 2 - bjørn felles for heile regionen. Fellingsperioden er frå og med 21. august til og med 15. oktober. Det takast atterhald om endringar som følgje av eventuelle klagar.
Jegerar som ønskjer å delta må gjere ei særskild registrering i Jegerregisteret www.jegerregisteret.no. Lisensfelling krev løyve frå grunneigar. Forsøk på felling kan berre skje i perioden ein time før soloppgang til to timar før solnedgang. Øvrige vilkår kan ein få i kommunane eller Fylkesmannen – se www.fmaa.no.
Informasjon om status for lisensfelling blir gjeve på automatisk telefonsvarar 37 01 75 57. Jegeren plikter å halde seg orientert om kor mange dyr det til ein kvar tid er igjen på kvota. Jeger skal som eit minimum ringe informasjonstelefonen kvar dag før jaktstart, og mellom kl 13 og 14.
Felling eller forsøk på felling skal utan opphald meldast på telefon 95 72 92 69 (Fylkesmannen) og 48 25 48 03 (Statens naturoppsyn).
For meir informasjon sjå vedlegga under.