Hei der.
Eg har diverre skreve feil jakttid på hjort i e-posten som vart send ut. ( retta under )
Riktig jakttid for hjort er 01 09 - 23 12
E-posten:
Denne eposten går til alle jaktleiarar og me ber om at jaktleiar sender e-posten vidare til alle jaktlaget sine medlemmer! Det er svært viktig at alle jegarane får informasjonen om rapportering av hjort og heimesida på smart-telefon!
Det nærmar seg hjortejakt ( 01. sept ). Det er svært viktig at felte hjort raskt vert meld jaktleiar slik at dyra kan rapporterast inn til Viltlaget si heimeside. Heimesida vil då gje informasjon om felte hjort og kor mangen og kva dyr som er att. Gå derfor inn på heimesida før jakta.
Hjort: 2013-kvota er: Vaksne hanndyr 5, Spissbukk 5, hodyr 5, kalv 5
Felt hjort skal rapporterast på skjema via jaktleiar så snart som råd og seinast innan 24 timar.
Når det gjeld heimesida for Vegårshei Viltlag og smarttelefon skal det no fungera. Det er eit problem eg ikkje har funne uta av og det er det at eg ikkje får opp oversikten over felte hjort når eg går inn på heimesida via min Iphone 4S med Safari (Safari er Apple sin nettlesar). Enklaste måten å omgå dette på er at ein lastar ned nettlesaren Chrom frå App Store (gratis) og så brukar den til surfing ( i alle fall når ein skal inn på heimesida til Viltlaget.Når ein går inn med ein Iphone 5 fungerar det(?). Andre telefonar enn Iphone skal fungera utan problem.
Det verkar som Safari har vanskar med google-disk dokument som er kobla opp mot heimesida.
Når det gjeld felte rådyr skal dette sendast inn samla frå jaktlaget og det er jaktleiar som skal ha beskjed om felte rådyr og senda inn oversikten til Viltlaget.
Når det gjeld elgjakta kjem det følgande oppfordring frå styret i Vegårshei Viltlag:
Ut i frå dei aller fleste tilbakemeldingane styret har fått frå jaktlaga og den den verdien det ligg i å ha store produksjonsdyr av begge kjønn vil styret i Vegårshei Viltlag på det sterkaste anbefala at jaktlaga sparar stutar med meir enn 5 taggar i resten av planperioden. Me meiner at dette vil vera av betydeleg verdi for framtidas elgstamme på Heia og vil vera langsiktig pleie og tenking.
Jegerane og jaktlaga må sjølv halda oversikt over elgeiningar tildelt og brukt.
Venleg helsing
Endre for styret