Under vedlegg finn du fila "Rekneark utrekning av felte elg og elgeiningar". Denne fila kan du bruka til å å simulera eit uttak og sjå kor mange elgeiningar felling av ønska dyr vil kosta( t.d. 2 kalvar, 2 hodyr under 140 kg, 3 hanndyr under 150 kg etc) Verdien av kvart dyr står i raden "Verdi". Du trykker på fila under vedlegg og klikkar på "lagre" i vindauga som kjem opp. Så lagrar du fila ein plass på PCen der du kan finna ho att. Du opnar så fila frå der ho er lagra på PC-en og fyller først inn antall elgeiningar laget er tildelt. Det finn du på heimesida under "Tildelte elg 2009 - 2011. Med å fylla ut felte dyr (eller tenkt felte dyr) i rada (vassrett linje) "Antall elg" under dei forskjellege kategoriane vil du til høgre sjå kor mange elgeiningar du har att. ("Einingar att") Det er mangen linjer slik at du kan gjera mange berekningar. Du må vera klar over at når du skal følga med på kor mange elgeiningar du har att å jakta på må alle felte elgar settast inn i samme rad(vassrette linje).