Ny heimeside info

Google legg om opplegget for heimesider hjå dei. Ein er nøydd til å gå over til den nye platformen då heimesider i dagens system ikkje kan oppdaterast etter 01 11 21. Den gamle heimesida vert liggande urørt etterpå og kan nåast via lenke frå denne heimesida. Trykk på knappen "Gamle heimesida Vegårshei Viltlag.

Dei fleste funksjoner som har vore på heimesida fram til no kan vidareførast, men kan komma på litt andre stader og med endra formgjeving.

Fordelen med den nye platformen er at heimesida mykje betre tilpassar seg om du er inne på heimesida med mobil, nettbrett eller nettbrett.

Når du er inn på mobil vil tilgangen til nye sider og lenker ligga under dei tre horisontale strekane oppe til venstre. Teiknet "V" etter eit ord eller setning viser at du med å trykka på "V"en kjem inn på meir tekst. Denne teksten får du vekk med å trykka på "V" att (som nå står på hove).

Søkefunksjonen på heimesida skal søka både på ny og gamal heimeside.

Prøv deg fram.

Dersom det er ting som ikkje fungerar er det fint om du gir beskjed.