Bruksanvinsning ny heimeside

Hei der. Her manglar det bilete, men dette skal kunna vera av nytte også utan det.

Då har Vegårshei Viltlag fått ny formgjeving av heimesida. Dette er pga omlegging av opplegget på Google nettsider. Det er viktig at du les gjennom dette for å finna enklast fram. (det er eigentleg ikkje vanskeleg). Eg har ein gjennomgang av korleis heimesida presenterar seg på smarttelefon først:

Bileta er frå ein Samsung smarttelefon.

Adressa til heimesida er framleis: viltlag.no Under her er det trykt på dei tre strekane.

Når du held telefonen vertikalt vil du få følgande: sjå rett under

Du kan rulla ned og sjå alt som ligg på startsida.

Menyar og undermenyar på heimesida får du fram med å trykka på dei tre strekane til venstre for teksten «Vegårshei Viltlag ny» og det ser då slik ut: (sjå over til høgre)

Hovedmenyane (td Viltlaget, Møte, Jakta …) har underkategoriar som ein kjem vidare på med å trykka på (td Viltlaget, Møte, Jakta …).

Dersom du held smarttelefonen horisontalt får du fram nokre av menyane høgt oppe og dei som det ikkje er plass til på skjermen kjem då under «Mer». Du får då ikkje dei tre strekane til venstre. Også no kan du sjølvsagt komma vidare på menyane med å trykka på dei. På PC og nettbrett så ser heimesida ut som når du held telefonen horisontalt.

Den aller viktigaste informasjonen ligg som lenker på Start-sida. Der er frå toppen: viktig informasjon, søkefelt, lenke til felte hjort Vegårshei, siste nytt frå Viltlaget, viktige lenker Viltlaget, skyteprøve, Fordeling elg 2021 – 2023 Jaktlaga og styret Viltlaget, årsmøtet Viltlaget inneverande år, ettersøk, ettersøk og lenke til den gamle heimesida til Vegårshei Viltlag (der ligg mykje informasjon, men sida er ikkje oppdatert etter 01 07 2021).

Mange vil vera interessert i felte hjort Vegårshei: Trykk/klikk på «Felte hjort Vegårshei» og du får dette du ser under (neste ark):

Her er det oversikt over kvote og felte dyr til no. Det er SVÆRT VIKTIG at du også les teksten.

Med å trykka på tabellen vert tabellen større og enklare å lesa. Sjå under (neste ark)

Du kan flytta tabellen rundt med fingen for å få betre oversikt. Arkfane «Oversikt felt hjort» viser oversikt og arkfana «Skjemasvar 1» viser dei forskjellige innrapporteringane.

Her er det trykt på «Felte hjort»:

Her er det trykt på tabellen:

Ein del av dokumenta som er lenka opp mot heimesida ligg på Google Dokumenter. Når du trykker på lenka til dokumentet så hender det at det kjem opp eit spørsmål om «Åpne med» som her: Sjå under (neste ark)

Du skal då trykka på alternativet nede til høgre (over «Alltid») og så «Alltid». Då vert du nok mindre plaga av dette etter kvart. (Her er valet «Samsung Internett» fordi eg har ein Samsung telefon. Kva du får som val der vil avhenga av kva telefon du har) Du skal IKKJE trykka merket over «Disk». Med å trykka på «Disk» spør du om tilgang til Google Dokumenter der dokumentet er lagra og det får du ikkje! Det er lurt å vera litt tolmodig her, særleg med Apple-produkt.

Ein del bedriftar har brannmurar som kan stoppa delar av heimesida så ved problem prøv privat smarttelefon, nettbrett eller PC. Lykke til!

Dersom det er ting som ikkje fungerar på heimesida så er me heilt avhengig av å få beskjed. Heimesida vert heller ikkje betre enn det stoffet me får, så send gjerne bilete, tips om stoff, gode lenker etc…

Gje beskjed via menyvalet «Kontakt oss» på heimesida.