Ungdomstinget
Di meining og din stemme er viktig! I Bjørgvin Bispedøme har vi eit eige Ungdomsråd som er valt av Ungdomstinget. Dei er kyrkja i Bjørgvin sitt ungdomsdemokrati som samlar representantar frå sokna i Bispedømet. Dei som er med og deltek her får også litt ekstra god lunsj, og ein liten goodiebag. Les meir under "Ungdomstinget".
Saker:
0125: What would Jesus do?
0225: Kirken for unge
0325: Fokussak 2026
Small talk og sjelesorg
Small talk kan vera utfordrande. Kva skal eg seia? Korleis skal eg helsa? Kva gjer eg viss det blir kleint? Og kva gjer eg viss nokon fortel meg noko alvorleg? Her får du læra meir om alt som har med small talk å gjera, kva sjelesorg er, og korleis me kan bli betre kjent med nye menneske.
Korleis drive TenSing?
Har du allereie eit TenSing-kor? Eller ønskjer du å starta opp eit nytt TenSing kor? Har du eit styreverv, eller ønskjer å bidra i koret ditt? Her får du læra meir om alt det som skal til for å driva ein TenSing gruppe på ein god måte.
Dans
Om du liker å dansa bør du bli med her. Her får du dansa saman med andre ungdommar, og kanskje til og med lære noko du kan ta med deg tilbake til din eigen kyrkjelyd? Slepp deg laus i dansen og bli kjent med andre danseglade tenåringar frå ulike stader i bispedømmet!
The Voice
Lær å bruka stemma di, både på scena og i livet.
Det kan vera vanskeleg å vita korleis ein skal bruka stemma si skikkeleg. Få hjelp til å ta ordet, heve stemma og syngja på ein betre måte!
Band og samspel
Gira på å spela i band? Då kan du vera med på denne workshopen for å læra litt meir om samspill, jamme, og forstå korleis ein kan driva band-arbeid i din kyrkjelyd.
Bibel 4 Dummies
Veit du ikkje kvar du skal starta når du blar opp i Bibelen? Blir det fort overveldande eller uforståeleg? Her får du læra meir om korleis ein kan bruka Bibelen, og kva den mest stolne boka i verda eigentleg inneheld.
Andaktsverkstad
Kor byrjer en?
Har du lyst til å bli betre til å halda andakt? Eller ha ein tale på leir? Her får du praktiske tips, snakka med andre og jobba kreativt for å skapa gode andaktar og som du kan bruka i arbeidet ditt.
Kræsjkurs i SoMe
Er du interessert i å driva sosiale medier for di gruppe eller ditt ungdomsarbeid? Då er denne workshopen for deg. Her får du læra kva ein bør tenka på, korleis publisera gode innlegg og korleis nå ut til fleire.
18+ i Bjørgvin - kva no?
Er du over 18 år og ønskjer å møta andre vaksenleiarar og og få vita kva bispedømmet eigentleg har å by på for aldersgruppa di, er dette workshopen for deg.
Leikeverkstad
Nokre gongar kan det vera vanskeleg å setja i gang ein leik, laga morokveld eller finna på sprell frå scena. Kor skal ein byrja? Bli med på leikeverksted for å skaffa inspirasjon til leikebanken din.
KRIK
Gira på å starta eit lag, eller har de ei KRIK-gruppe som treng ein fresh restart? Bli med her for å både vera aktiv, ha det kjekt og læra meir om korleis ein kan driva si eiga aktivitetsgruppe.