Vel møtt til ei helg som skal byggje fellesskap, gje påfyll og inspirasjon, skapa engasjement og knytte vennskap på tvers av ungdomsarbeidet i dei ulike sokna. Her får du oppleva å vere ein del av noko større og møta andre ungdommar som er med i eit kristent ungdomsarbeid.
VEGKRYSS 2026: 29.-30.AUGUST!
Med førkveld for dem som reiser langt om fredagen!
KVA ER VEGKRYSS?
Vegkryss er ein ungdomsleiarkonferanse for alle ungdommar som høyrer til ei kyrkje eller kyrkjelyd i Bjørgvin Bispedøme. Ønsket er å gje ungdomsleiarar påfyll, inspirasjon og moglegheit for å byggja nettverk med andre ungdomsleiarar og ungdomsarbeid.
KVEN ER VEGKRYSS FOR?
Vegkryss er for alle som er med som ungdomsleiar. Hovudmålgruppa er vidaregåande skule og oppover. Anten du driv eit stort eller lite ungdomsarbeid, og anten de har mange ulike tilbod eller berre eitt - Du er hjarteleg velkommen! Du kan anten melda deg på sjølv, eller ta kontakt med ein tilsett i kyrkjelyden din for at dei skal melda deg på.
KVA SKJER PÅ VEGKRYSS?
Ønsket med vegkryss er å skapa arenaer for både påfyll og nettverksbygging. Me vil gje ungdomsleiarar ressursar som dei kan ta med seg tilbake til arbeidet sitt. Me ønskjer å skapa relasjonar med andre som driv ungdomsarbeid andre stadar, og styrkja relasjonane mellom deltakarane på vegkryss gjennom artig program, workshops og gode måltid. Me vil også saman retta fokuset mot Jesus, og den ressursen Gud er i arbeidet vårt.