For at alle skal ha det bra på konferansen og oppleve arrangementet som eit trygt fellesskap, har vi nokre reglar som gjeld for alle som deltek:
Vi oppmodar alle til å delta i heile programmet.
Under fellesprogrammet unngår vi bruk av mobil.
Ingen reiser frå arrangementet utan etter avtale med sin leiar.
Det er ikkje lov å gå inn til byen/andre butikkar enn matbutikk under festivalen utan avtale med sin leiar.
Vi er hyggelege og snille med kvarandre, både med dei vi kjenner og dei vi ikkje kjenner.
Vi rettar oss etter beskjedar som vert gjevne av arrangør og gruppeleiarar.
Vi tek ikkje nærbilete eller filmar andre deltakarar utan aktivt samtykke frå den/dei som vert fotograferte eller filma.
Arrangementet er røyk- og rusfritt. Energidrikk er heller ikkje lov å ta med eller nyte under arrangementet.
Alle skal vere på hotellet innan kl. 23:00 laurdagskveld.
Vi ønskjer eit reint og ryddig arrangement. Boss skal derfor berre kastast i bosspann.
Vaksenleiarane som reiser med ungdom under 18 har ansvaret for dei. Bjørgvin bispedøme har ansvar for programmet og det praktiske rundt arrangementet.
Den einskilde deltakar er ansvarleg for skadar på området som vedkomande er årsak til. Skadar skal rapporterast til arrangør umiddelbart.
Alle har ansvar for eigne eigendelar. Ved tjuveri eller skade har Bjørgvin bispedøme ikkje erstatningsansvar.