Prisen er 600 kr per person, og inkluderer alt av program, måltid, snacks og to overnattingar på hotellrom med fleire senger. Det er 200 kr i rabatt til dei to som er representantar med røysterett på Ungdomstinget, slik at deltakaravgifta for dei blir 400 kr. Ver merksam på at det i hovudsak berre er ei overnatting i år.
Tilsette i kyrkja/vaksenleiarar som følgjer ungdommane på Vegkryss og ønskjer å overnatte på hotell, betaler 500 kr. Tilsette/vaksenleiarar som følgjer ungdommane på Vegkryss utan overnatting, deltek gratis.
Det er vanleg at soknerådet dekker deltakaravgifta for dei som skal vere representantar med røysterett, sidan dette er ein offisiell del av kyrkja sitt ungdomsdemokrati. Vi oppmodar også kyrkjelydane til å dekke kostnaden for alle som ønskjer å reise på Vegkryss. Her oppmodar vi også til å setje i gang tiltak som f.eks basar, bingokveld eller bakesalg for å samle inn penger til å dekke deltakeravgiftene. I tillegg vel nokre kyrkjelydar at kollekta frå ei gudsteneste går til å senda ungdomsleiarar på Vegkryss. Ein kan også søka om støtte frå lokale sokneråd, grupper og klubbar.
Me søv på Clarion Hotel Admiral. Ein kan også velja å bu heime, og delta på opplegget på dagtid.
FOKUS: INSPIRASJON
Vi ønskjer å ha fokus på å inspirera dykk til vidare drift av ungdomsarbeidet. Å vera ungdom kan vera krevjande, og det arbeidet me gjer er utruleg viktig, og har stor verdi for dei ungdommane me får treffa gjennom konfirmantarbeid og ungdomsarbeid. Me ønskjer å bruka tid denne helga på å inspirera til å stå i teneste, tora å tenkja nytt og å tenkja stort om den jobben ein gjer.
FOKUS: ENGASJEMENT
Vi ønskjer å skapa engasjement rundt det å jobba med ungdom. Ofte kan det verka håplaust, nyttesløst eller strevsamt å skulla driva ungdomsarbeid, og i periodar er det tungt å dra lasset og vanskeleg å nå inn. Engasjement er viktig for å driva eit arbeid framover, og målet er å finna ei gneist i oss alle, og læra oss å bruka dei gåvene me har til å skapa eit levande og brennande ungdomsarbeid.
FOKUS: NETTVERKSBYGGING
Ofte kan ein kjenna seg åleine i det arbeidet ein driv. Ein veit ikkje kva ein skal gjera, eller korleis ein skal løysa ting. Då er det viktig å kjenna andre som driv med det same. Me kan læra av kvarandre, gje kvarandre nye idear og inspirasjon, og samarbeida på tvers av kyrkjelydar og kommunegrenser. Derfor blir det denne helga fokus på å byggja nettverk og skapa nye relasjonar med andre ungdomsleiarar.
Torfinn Wang
Seniorrådgjevar born, unge, trusopplæring
Hovedansvarlig
98126125
tw657@kyrkja.no
Andrea Ådland
Prosjektleder
97755938
Malene Mortensen
Prosjektleder
48089010