Til slektsstevnet var det invitert etterkommere av Anders Jakobsen Telnes & Elen Margrete Nilsdtr. Tyssøy som er mine oldeforeldre. Etterkommere av Johanna Engelsdatter, mor til Anders Jakobsen var målgruppa for stevnet, og møteplassen var Tellnes Skule.
Boka "Slekta vår - Ei ettesoge frå Sotra 1600 - 1979" som er forfatta av Gunnar Tellnes var nett ferdig til arrangementet.
Prologen for dagen vart skriven av Norvald Austerheim til "Ættarstemne" i Tellnesslekta den 23. juni 1979.Ei velkjent Tellnes-ætt har etter beste evna førebudt denne ættarstemna. Me vonar det såleis går at alle stemnefolka hyggje og glede får. Til kvar einskild me seia vil: Hjerteleg vekomen hertil.
I slikt eit høve, me først lyt våga å minnest garden og etta si soga. Ho fortel om arbeid og slit, sorg og glede, motgang, medgang, ukuelig mot, fremdrift og tiltak, så ein trygt kan la ordet falle: Imponert er me alle.
Bruk Nr. 7 & 8 på Tellnes er ættargarden som har gått i arv til sones fra faren. Der har etta streva gjennom 150 år, på land og sjø, i skiftande kår.
Trine og Lars frå Morland flytte, br. Nr. 7 på Tellnes dei kjøpte. Etter ei tid, sonen Knut, seg gifte med Johanna Engelsdtr. Lie. Johanna kom til Tellnes ganske ung. Den første tida fall henne svært tung.
I 1849 tok koleraen 3 born og mannen Knut. Att sat Johanna med døtrene Ingeborg og Kari, svigerfaren Lars, kårkona Barbro, og fekk mang ei sut. Det var i mars katastrofen hende. For heile ætta det vart eit tidarvende.
Korleis skulle det så med garden gå? Utan mannfolkhjelp ville alt gå i stå. På br. Nr. 7 det såleis gjekk, dei Jakob Andersen Møvik til tjenestekar fekk. Jacob, det var ein grepa kar. Han og Johanna vart ektepar.
Jacob og Johanna dei heimen vidare bygde og seg saman hygde. Ettersom tida gjekk, dei borna Kristi og Anders fekk. Jacob Andersen streva mest med vann. Eit uhell det var at stovehuset brann, men Jacob bygde nytt hus og sette alt i stand.
Ingeborg arva garden etter farfaren, Lars. Av di ho sat med eiga, Jacob og Johanna måtte av henne gardsbruket leiga. Då Ingeborg Knutsdtr. seg med Vilhelm Velaksen Neset gifte, dei to huslydane garden i to like deler br. nr. 7 & 8 skifte. Semja såleis vart Vilhelm åtte heile garden, medan Jacob bygsla sin part.
Krist Jacobsdtr. Tellnes for sin vei og seg med Jacob i Trengereid. Anders, sonen, som heime var, kjøpt br. nr. 8 og gav kår til mor og far. Johanna og Jacob, som hadde arbeidd så godt i lag, budde på garden til sin døyande dag.
Anders Jacobsen fekk Elen Margreta Tyssøy til kona. Det var det beste ein kunne vona. Frå no av var det slik med alt vart stellt, at framgangen kom på alle felt.
Me må også koma Ingeborg og Vilhelm på grannegarden ihug. Dei og deira born synte også stor dug. Velak Vilhelmesen og Kari Syltøy som etter kom, streva truge, og fylte godt sine rom.
Me lyt seia at det er rett. Dei to huslydane etter Johanna Engelsdtr. er ei og same ætt. Ho set merke etter seg i kyrkja og skule, vitskap, kunst, i alle yrke. Det er ein veldig styrke.
I denne stemna det slik seg fell. Me ynskjer ætta i fremtida heider og hell
- Norvald Austerheim -
"Titlestad var ein av dei gardane som aldri meir vart ein sjølvstendig gard etter svartedauen. Truleg låg Titlestad på vestsida av vegen ned til Tellnesvågen. Her finn vi navn som Øydjorda, Øydjordsleitet og Nordra Øydjorda. Etter 1350 vart Titlestad slått saman med Tellnes." Dette sitatet er hentet fra boken: Fjell bygdebok band I ISBN 82-7926-042-9 Fjell kommune Straume 1996.
Vår felles hisorie begynner ca 500 år senere. Nærmere bestemt da Anders Jacobsen Telnes (AJ) og Elen Margrete Nilsdtr. Tyssøy ble gift i 1881. Bomønsteret på Tellnes var da slik at alle husene var samlet på et tun (24). Anders Jakobsen og Elen Margrete bodde også i dette tunet. Her fikk de tilsammen 10 barn. Fire av disse barna ( Nils Andreas, Anna Nilsine, Eli Larsine og Ole Elias) førte slekten videre til neste ledd.
Etter utskiftningen ble det satt opp mange nye hus på Tellnes. Anders Jacobsen fikk i 1912 bygget hovedhuset på gården sin - bruk nr. 8 på Tellnes (1) og flyttet så dit med sin familie. Gården hans var på ca 200 mål av dette var 12 mål dyrket mark. Folk flest på Tellnes på den tiden hadde fiske og gårdsdrift som levevei.