Garden skal seljast gjennom Landkreditt Eiendom og vert lagt ut for sal med dei i august.
Ta gjerne kontakt også før det på stigrnmoltumyr@gmail.com eller ring på 92611778 dersom du er interessert. Det kan ta tid å bestemme seg, og det kan ta tid å ordne med finansiering. Og plutselig kan det vere for seint.
Dette er ein gard i drift. Det kan vere fint med inntekter heile vegen, momsen tilbake og fråtrekk for kostnader. Skal du starte ein nedlagt gard er det nesten ikkje ende på alt du må gjere og kjøpe før du startar opp, og det tek lang tid før du eventuelt får inntekter. Mange har nok ikkje tenkt på kor lang tid det tek før ein då vil få landbruksstøtte. Den som kjøper denne garden får melkeinntekter etter ein månad og jordbruksstøtte i februar året etter. Å starte opp ein gard som vår vil nok koste mellom 2 og 10 millionar dersom ein vil drive med mjølkegeiter og garden ikkje alt er i drift.