Opplæringslova § 15-5 slår fast at elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Skulebiblioteket skal vere ein ressurs for læring, lesing og kreativitet for alle elevar og lærarar. Skulebiblioteket skal skape eit inspirerande miljø for lesing og utforsking av kunnskap, og stimulere elevane til å utvikle leseglede og kritisk tenking. Skulebiblioteka skal ha eigen ressurs knytt til skulebibliotekar på den einskilde skule.
Skolebiblioteket skal bidra til å utvikle språkferdigheitene, leseferdigheitene og evna til å tenke kritisk hos elevane, og til å jamne ut sosiale forskjellar.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane har tilgang til eit skolebibliotek eller eit anna bibliotek som er særskilt tilrettelagt for skolen. Biblioteket skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen.
Desse standardane skal sikre at skulebiblioteka i kommunen er fagleg sterke, godt organiserte og integrerte i skulen sitt pedagogiske arbeid.
Rektor sitt ansvar
Sikre at skulebiblioteket er ein integrert del av skulen sitt arbeid med lesing og fagleg utvikling.
Forankre biblioteket sin funksjon i skulen sin årsplan og utviklingsarbeid.
Setje av tilstrekkeleg tid i stillingsplanen til skulebibliotekansvarleg.
Sikre nødvendige økonomiske midlar til ressursar og drift.
Legge til rette for kompetanseheving for tilsette med bibliotekansvar.
Sørge for at biblioteket har eigna lokale og nødvendig teknisk utstyr.
Etablere rutinar for utlån, vedlikehald, digital tryggleik og personvern.
Følgje opp at biblioteket følgjer gjeldande regelverk for personvern og opphavsrett.
Tilsette sitt ansvar (skulebibliotekansvarleg og andre)
Sikre dagleg drift av utlån, innlevering, registrering og orden i biblioteket.
Sikre at biblioteket er tilgjengeleg, ryddig og innbydande for elevar og tilsette.
Bidra til å oppdatere og halde ved like samlinga, inkludert kjøp, registrering og kassasjon.
Gjennomføre litteraturformidling, bokpratar, temautstillingar og tiltak for leselyst.
Bidra i undervisning knytt til lesing, kjeldebruk og informasjonskompetanse.
Rettleie elevar i bruk av biblioteket og digitale kjelder.
Støtte elevar i å finne relevant litteratur og kjelder til skulearbeid.
Skape eit inkluderande og trygt miljø på skulebiblioteket.