I høve lesing som grunnleggjande ferdigheit viser LK20 til at:
"Å kunne lese i norsk inneber å lese både på papir og digitalt. Det inneber å kunne lese og reflektere over skjønnlitteratur og sakprosa, å beherske lesestrategiar tilpassa formålet med lesinga og å kunne vurdere tekstar kritisk. Lesing i norsk inneber òg å lese samansette tekstar som kan innehalde skrift, bilete, teikningar, tal og andre uttrykksformer. Norsk har eit særleg ansvar for opplæringa i å kunne lese. Utviklinga av å kunne lese i norsk går frå den grunnleggjande avkodinga til å lese, tolke og reflektere over tekstar i ulike sjangrar, for ulike formål og av ulik lengd og kompleksitet (Utdanningsdirektoratet, 2020, Kompetansemål og vurdering).
Såleis viser dokumenta at lesekompetanse er berande prinsipp som ligg til grunn i styringsdokumenta som skal nyttast i skulen.
På ungdomstrinnet fokuserer skulane på å korleis elevane gradvis kan utvikle:
leseforståing og evna til å hente ut relevant informasjon
kritisk lesing og kjeldebevisstheit
ordforråd, fagspråk og omgrepsforståing
lesetempo, uthald og evna til å halde tråden i lengre tekstar
leseglede, motivasjon og tryggleik i møte med ulike teksttypar
I tillegg inneheld leseplakaten for 8.-10. trinn ulike lese- og læringsstrategiar, slik at elevane kan lære å arbeide systematisk med tekstar i alle fag.
For lærarane er leseplakaten meint som:
ein ressursbank, der læraren enkelt kan hente idear til økter og arbeidsmåtar
ei støtte i vurderingsarbeid, ved at kompetansar og aktivitetar er tydeleg kopla
eit grunnlag for progresjon, slik at arbeidet med lesing utviklar seg frå 8. til 10. trinn
eit felles rammeverk som styrkjer lagarbeidet mellom lærarar på trinn og i fag
Målet er å bidra til ein heilskapleg og gjennomtenkt lesepraksis som gjer elevane betre rusta til å forstå, reflektere og lære.