Gjennom arbeid med fagområdet kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer. I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialektar gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå notid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leiker med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling. I barnehagen skal barna få erfare ulike måtar å formidle tekstar og forteljingar på, som kjelde til estetiske opplevingar, kunnskap, refleksjon og møte med språk og kultur. Personalet skal invitere til utforsking av både munnlege språk og skriftspråk (Utdanningsdirektoratet, 2017).
I denne planen konsentrerer vi oss om lesing og kva betydning den har for barna si språkutvikling og vidare leseinteresse.
Lesing og samtale rundt bøker har stor verdi for barns språkutvikling. For å lukkast i arbeidet med barna sitt språk er det avgjerande å implementere språk og leseaktivitetar i barnehagekvardagen. Eit av måla med denne planen er å styrke barnehagen sitt daglege arbeid med språklæring gjennom ulike leseaktivitetar.
ivareta barnas behov for omsorg
ivareta barnas behov for lek
fremme danning
fremme læring
fremme vennskap og fellesskap
fremme kommunikasjon og språk
Lesing i barnehagen ivaretek alle desse punkta (Bjorvand, 2025).
Kjelder:
Bjorvand, A. M. (2025, 8. april). Les for livet - språkets makt, formidlingens magi. [Paperpresentasjon].
Utdanningsdirektoratet. (01.08.2017). Rammeplan for barnehagen. Fastsatt ved forskrift. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan-for-barnehagen/