Vi lever i eit skriftsamfunn der vi møter tekst overalt – i utdanninga, på jobben og i fritida. Å kunne lese er nødvendig for det meste i livet vårt. Derfor er ei befolkning med gode lesarar viktig for samfunnet og demokratiet.
Les vi godt, lærer vi meir. Vi får betre føresetnader for å forstå oss sjølve, andre og verda rundt oss. Vi uttrykkjer oss klarare og utviklar sterkare kritisk sans.
Lesing er òg viktig for den enkelte. Gjennom å lese kan vi reise i tid og rom og leve oss inn i historier som underheld, berikar og utfordrar, uavhengig av sjanger. Vi kan fordjupe oss i tema vi er opptekne av og vil finne ut meir om. Vi kan forstå ei brukarrettleiing eller lese reglane i eit spel.
Saman for lesing. Kultur- og likestillingsdepartementet & Kunnskapsdepartementet (2024)
Udir om lesing
Å kunne lese er å skape meining frå tekst. Lesing gir innsikt i andre sine erfaringar, meiningar, opplevingar og skaparkraft, uavhengig av tid og stad. Lesing av tekstar på papir og digitalt er ein føresetnad for livslang læring og for å kunne delta aktivt i samfunnslivet på ein kritisk og reflektert måte.
Å lese handlar om å kunne forstå, bruke, reflektere over og engasjere seg i innhaldet i tekstar. Tekstar omfattar alt som kan lesast i ulike medium, ikkje berre ord, men òg illustrasjonar, symbol eller andre uttrykksmåtar. Kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike typar tekstar og funksjonen deira, er ein viktig del av lesing.
LK 20 framhevar lesing som ein av dei fem grunnleggande ferdigheitene. Lesing er ein viktig del av elevane si læring i alle fag.
Lesing er ein del av den faglige kompetansen og eit nødvendig reiskap for læring og fagleg forståing.
Frå overordna del:
Grunnleggjande ferdigheiter:
Skolen skal leggje til rette for og støtte elevane si utvikling av dei fem grunnleggjande ferdigheitene gjennom heile opplæringsløpet.
Læreplanverket definerer fem grunnleggjande ferdigheiter: lesing, skriving, rekning, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. Desse ferdigheitene er del av den faglege kompetansen og nødvendige reiskapar for læring og fagleg forståing. Dei er òg viktige for utviklinga av identitet og sosiale relasjonar hos elevane og for å kunne delta i utdanning, arbeid og samfunnsliv.
Utvikling av dei grunnleggjande ferdigheitene har betydning gjennom heile opplæringsløpet. Det går til dømes ei samanhengande linje frå den første lese- og skriveopplæringa til det å kunne lese avanserte faglege tekstar.
I undervisninga må dei grunnleggjande ferdigheitene sjåast både i samanheng med kvarandre og på tvers av fag. Dei grunnleggjande ferdigheitene høyrer heime i alle fag, men faga speler ulike roller i utviklinga av dei ulike ferdigheitene. Enkelte fag vil ha eit større ansvar enn andre. Utvikling av fagleg kompetanse skal derfor skje i samspel med utviklinga av grunnleggjande ferdigheiter i faget slik det er beskrive i læreplanane for faga. Lærarar i alle fag skal støtte elevane i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter.
Kompetansemål i norsk:
Kompetansemål etter 2. trinn - Læreplan i norsk (NOR01-06) | udir.no
Kompetansemål etter 4. trinn - Læreplan i norsk (NOR01-06) | udir.no
Kompetansemål etter 7. trinn - Læreplan i norsk (NOR01-06) | udir.no
To viktige faser i lese og skriveutviklinga:
Begynnaropplæringa: "Å lære å lese"
Å lære bokstavar, lydar, sette saman lydar til ord og byrje å forstå det man les. Her er viktige faktorar bokstavinnlæring, fonologisk forståing, avkoding, ordforråd , språkforståing og leseforståing.
Lesing i begynneropplæringen | Språkløyper
Den andre leseopplæringa: "Å lese for å lære"
Vidareutvikle lesinga. Utvikle flyt, forståing og kritisk tenking.
Elever som strever med leseflyt og «den andre leseopplæringen» | Universitetet i Stavanger