Lyd fil: JOTA-JOTI åpningstalen 2025
Kjære speidarar,
I dag loggar vi oss på – ikkje berre på ein skjerm eller ein radiofrekvens, men på noko større: vi loggar oss på eit globalt fellesskap av unge menneske som bryr seg om andre. Vi speidarar er nysgjerrige, lærevillige, og respektfulle. Og utan at vi kanskje heilt forstår det sjølv, så arbeidar vi for ei meir rettferdig verd.
Årets tema for JOTA-JOTI er: A world shaped by youth. Ei verd forma av ungdom.
Det høyrest kanskje stort ut – nesten overveldande. Men tenk på det: Kven andre enn ungdom har mot nok til å stille dei store spørsmåla? Kven andre enn ungdom tør å drøyme om ei verd som er annleis, betre – og faktisk tru at det går an?
Vi har sett det før. Når ungdom reiser seg, skjer det noko. Vi ser det i gatene, i organisasjonar, på internett – og i speidinga. Vi ser det i prosjekt for miljøet, i innsats for psykisk helse, i kamp mot urett og ekskludering. Og vi ser det her – på JOTA-JOTI – når millionar av unge speidarar koblar seg saman og viser verda at landegrenser, fysiske avstandar og kulturelle forskjellar ikkje sett grenser for samarbeid. Tvert imot kan det skape nye idéar og initiativ, dersom ein berre legg viljen til.
Kanskje tenker du: Eg er berre ein vanleg speidar – kva kan eg eigentleg gjere?
Men det er nettopp det som er poenget. Verda blir forma kvar dag, ikkje berre av store politikarar og verdsleiande teknologar – men av heilt vanlege ungdommar som deg. Som spør: Kvifor er det slik? Og som vågar å spørje: Korleis kan vi gjere det betre?
Det byrjar med ei melding. Ein samtale. Eit samarbeid. Ein idé.
Og kanskje byrjar det akkurat her, akkurat i dag.
Så i dag feirar vi meir enn eit arrangement. Vi feirar framtida – og dei som skal forme henne. Vi feirar deg.
Tenk på dette når du i dag pratar med ein ny ven frå andre sida av verda - du er ein del av noko stort, og ditt bidrag er meiningsfullt. Og ikkje minst - ha det kjekt!
Speiderhilsen,
International Commissioners for Speiderne i Norge