Utvikle og kommunisere strategiar for hovudrekning i utrekningar
utforske og beskrive primtalsfaktorisering og bruke det i brøkrekning
Verbene i kompetansemålene
Å utvikle kan vere å designe, skape, modellere eller utforme nye metodar, eit produkt eller ei teneste.
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut ogevaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.