hente ut og tolke relevant informasjon frå tekstar om kjøp og sal og ulike typar lån og bruke det til å formulere og løyse problem
planleggje , utføre og presentere eit utforskande arbeid knytt til personleg økonomi
lage og forklare rekneuttrykk med tal, variablar og konstantar knytte til praktiske situasjonar
Verbene i kompetansemålene
Å tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
Å presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.