Kva rekkefølgje dei ulike delane i eit utviklingarbeid kjem i er ikkje det viktigaste, men vi har med denne figuren prøvd å visualisere korleis ein slik prosess kan sjå ut. Modellen til venstre viser eit døme på korleis eit semester av utviklingsarbeidet kan sjå ut. Viktige element i arbeidet er aksjonslæring, møte med andre sin praksis på lærande møtestader og arbeid i nettverk
Aksjonslæring har likskapar med aksjonsforsking. Når vi driv aksjonslæring "forskar" vi på eigen praksis gjennom ein systematisk utprøvingsprosess..
Utprøving og aksjonar foregår ute i kvar enkelt skule. Men for at vi skal lære av kvarandre er det nyttig å møtest på ulike arenaer der vi kan dele erfaringar. Refleksjon saman med andre tilsette på vår eigen skule eller i nettverk på tvers av skular er eit nyttig tiltak for å styrke læringa i det profesjonelle fellesskapet.
Du kan lese meir om aksjonslæring under den fana som heiter det.
Å ta del i eit nettverk medfører at du reflekterer og lærer saman med nokon du ikkje samhandlar med til dagleg. Samarbeid på tvers av skular, kommunar, regionar og andre etablerte arenaer kan gje nye impulsar og ny innsikt for både tilsette ute i skulane, leiarar og tilsette i UH.