Det er sentralt i ordningane at kompetansetiltaka tek utgangspunkt i lokale vurderingar av kompetansebehov. Kartlegginga skal involvere både leiarar, lærarar og andre tilsette. Dette er skuleeigar sitt ansvar. Samstundes er det det ein styrke for arbeidet at UH kjem tidleg inn i arbeidet. HVO ønskjer å vere ein partner som kan bidra i både undersøking, analyse, utarbeiding og gjennomføring av dei skulebaserte tiltaka. Dess tidlegare dei aktuelle samarbeidspartane kjem inn, dess større er føresetnadene for å skape felles forståing og skape eit utviklingsarbeid med god kvalitet saman.
Saman skapar vi betre kvalitet.
Utviklingsarbeidet må vere forankra. Med det meinar ein at leiinga og personalet skal vere sterkt involverte i både kartlegging og prioritering av behov og utarbeiding og gjennomføring av kompetansehevingstiltak. Ein kan seie at god forankring sikrar relevans i og dermed eigarskap til utviklingsarbeidet.