Aksjonslæring har likskapar med aksjonsforsking. Når vi driv aksjonslæring "forskar" vi på eigen praksis gjennom ein systematisk utprøvingsprosess. Vi set oss eit mål/nytt grunnlag på bakgrunn av erfaringar og observasjonar vi har gjort oss, til dømes i undervisningssituasjonen. Deretter planlegg og gjennomfører vi ei utprøving for å undersøke om ei endring i praksis vil føre til eit endra resultat. Gjennomføring, og refleksjon over utprøvinga, vil ofte kunne vere nyttig å gjennomføre saman med andre. Dette styrkar den kollektive dimensjonen av profesjonsutviklinga. Til slutt set vi oss nye mål ut i frå det vi fann ut etter utprøvinga. Slik driv vi ein spiral med utprøvingar og ny innsikt, som igjen vert grunnlag for nye utprøvingar.
Aksjonslæring er knyttet til praksisfeltets handlinger og erfaringer, hvor en gjennom refleksjon og dialog kan skape ny forståelse og nye handlingsrom for lærere og ledere i skolen. Kritisk refleksjon over de daglige erfaringene er et varemerke i aksjonslæring.
(Tiller, 1999)
Når vi skal velje ei problemstilling må vi ha fokus på eit lite område som vi ønskjer å utforske for å prøve å endre, helst til det betre. Ei problemstilling kan gje retning til arbeidet.
Det er viktig å vere konkret når ein skal velje problemstilling. Problemstillinga bør vere formulert som eit spørsmål som ein gjennom utviklingsarbeidet kan finne svar på. Dersom ein vil femne om mykje kan problemstillinga bli for vid, og dermed for vag. Ei problemstilling er til ei viss grad dynamisk
kan beskrives som en læreprosess hvor kolleger i en organisasjon iakttar og reflekterer over sine egne erfaringer på en systematisk måte og prøver ut nye tiltak. Ideen er at man arbeider med kontinuerlige selvutviklings- og refleksjonsprosesser sammen med andre.
Kritisk refleksjon over dei daglige erfaringane er eit varemerke i aksjonslæring, og kan nyttast som strategi for å utvikle eigen praksis.
Udir.no 2017