Ulike verkty kan hjelpe oss i dei ulike fasane av utviklingsarbeidet. Nokre verkty høver når vi skal kartlegge noverande ståstad. Andre kan vere nyttige når vi skal reflektere over utprøvinga vi har gjort, eller når vi skal drive idèmylding eller erfaringsdeling. Under kan du finne eit utval slike verkty. Du kan finne fleire tips til metodar du kan nytte på udir.no.
https://min.helsekompetanse.no/mod/book/tool/print/index.php?id=4615#ch2362
Over kan de sjå ein filmsnutt der Tom Tiller forklarar Gjort - Lært - Lurt.
Opne dokumentet for å lese meir om heissamtalemetoda.
Bruk tid på å kartlegge kvar vi er i dag. Situasjonen no
Kva kan vi godt? Kva treng vi lære meir om?
Kva kartleggingsverktøy tenker vi er lurt å nytte i prosessen?
Kva må vi kartlegge, kva tid og korleis?
Kva teori har vi jobba med som kan vere relevant å trekke fram igjen i høve fokusområde?
Fokusområde / problemstilling
Kva ynskjer vi å utvikle- verte flinkare til å gjere? Ønska situasjon
Korleis ser vi føre oss at barnehagen er når vi har arbeida med utviklingsarbeidet og nærmar oss ønska situasjon?
Kva aksjonar kan vere lurt å gjere for å nå ønska situasjon? Lag framdriftsplan.
Aksjonslæringsspiralen er nyttig hjelpemiddel med planlegging, handling/aksjon, observasjon og refleksjon.
Kven observerar/dokumenterar gjennomføringa av aksjonen?
Kvar og i kva fora reflekterar vi over resultatet i aksjonen.
Til dømes kan ein nytte GLL - gjort - lært -lurt i refleksjonen.
Enkelt skjema ein kan nytte saman med personalet sitt for å sjå kvar ein er i dag og kva ein kan tenke seg å utvikle vidare for å nå ønska situasjon. jf. SØT modellen
Det er mange måtar å lage framdriftsplanar/milepælsplanar på. Her er eit døme på korleis ein framdriftsplan kan sjå ut.
Her kan ein til dømes setje inn kartleggingsperioder, møtetidspunkt, tider og ansvar for aksjonar, tider og ansvar for observasjonar m.m.